Hopp til innhold

Fakkelhoppvikaren

Denne veka er det 15 år sidan OL på Lillehammer starta. Ein av dei som blir hugsa er fakkelhopparen Stein Gruben.

Stein Gruben får OL-fakkelen

Stein Gruben får OL-fakkelen, og gjer seg klar til å hoppe ned framfor 40 000 tilskodarar og 2 milliardar TV-sjåarar.

Foto: Nordahl, Aleksander / SCANPIX

Opningsseremonien under dei olympiske leikene blir hugsa for vetter og troll, Liv Ullmann og Thor Heyerdahl, og eit gigantisk egg som opna seg, fullt av duer.

Men det mest spektakulære var kanskje da fakkelen kom susande nedover hoppbakken i nevane på ein stilhoppar frå Nord-Odal.

Reserve

I utgangspunktet var det tidlegare verdsmeister i skiflyging Ole Gunnar Fidjestøl som hadde fått det ærefulle oppdraget i Lysgårdsbakken 12.februar 1994.

Men han datt stygt under trening, og drog på seg nakkeskade og hjernerysting, og var ikkje i stand til å gjennomføre det prestisjefulle hoppet.

- Eg hugsar godt at eg stod på toppen og såg at Ole Gunnar datt og ramla. Eg skjønte med ein gong at dette ikkje gjekk så bra, og at det var min tur, seier Stein Gruben.

Han hadde fått ein telefon i august året før, der han vart spurt om han ikkje kunne vere reserve, dersom noko skulle skje. Det takka han ja til, sjølv om målet egentleg var å kvalifisere seg til OL som utøvar.

- Eg veit egentleg ikkje kva som var grunnen til at eg vart valt til denne oppgåva. Eg har spurt mange, men har aldri fått noko svar på det, seier Gruben.

- Flaut

Stein Gruben

Stein Gruben kom velberga ned, sjølv om han tykte det var flaut at han hoppa så kort.

Foto: REUTER / Scanpix

Han hugsar, naturleg nok, svært godt det som skjedde denne februarkvelden. Men han innrømmer at han ikkje tenkte så mykje over kor stort dette eigentleg var.

- Det var som ein jobb eg skulle gjere. Eg har tenkt meir på det i ettertid, på sjølve oppdraget og kva betydde.

- Var du nervøs?

- Eg var vant til å hoppe for mange tilskodarar, som til dømes i Holmenkollen, så det tenkte eg ikkje så mykje på. Eg fokuserte mest på sjølve hoppet, og det eg skulle gjere der.

Men Gruben skulle ynskje at han framstod som ein litt meir elegant hoppar enn det han gjorde denne kvelden. Han lande på kulen og virka ustø, men kom seg trygt ned på sletta.

- Det var 15 kuldegrader og nysnø, og det var utruleg dårleg glid. Farten var så dårleg og hoppet var så kort at det var heilt flaut. Det var faktisk det kortaste hoppet eg hadde med fakkelen, på generalprøva hoppa eg 120 meter.

- Stor oppleving

I dag driv Stein Gruben som sjølvstendig næringsdrivande heime i Nord-Odal, og blir fortsatt hugsa for jobben han gjorde under opningsseremonien.

- I ettertid tykkjer eg det er utruleg artig at eg fekk gjere det, og det var ei stor oppleving. Sjølv om eg ikkje akkurat blir stoppa på gata, så er det mange som hugsar hoppet, seier fakkelvikaren Stein Gruben.

KVA HUGSAR DU BEST FRÅ OL PÅ LILLEHAMMER? SKRIV DITT BESTE ELLER VERSTE MINNE NEDANFOR.

Flere saker fra Innlandet