Det var den 38 år gamle Bjørn Erik Lillehov som miste livet i den tragiske helikopterstyrten i Rostadalen i Målselv i Troms onsdag.
Han kjem opprinneleg frå Tangen i Hedmark.
Det var to personar i helikopteret, som var på veg frå Harstad til Karasjok da det styrta.
- Vår mest erfarne mann
Lillehov har dei siste 6 åra jobba i Heli-team i Harstad.
- Han var vår mest erfarne flygar, seier dagleg leiar Bente Slåtto Steien.
Det var tjukk tåke da ulykka fann stad, men det er foreløpig ikkje klart kva som er årsaka til ulykka, og både politiet og Havarikommisjonen undersøker nå saka.