Hopp til innhold

- Det bobla berre over

Ragnar Abrahamsen skal ha sett fram drapstruslar mot sin drapsmann, like før han vart skoten.

Fra småbruket i Søndre Land der drapet skjedde.

På dette småbruket vart Ragnar B. Abrahamsen drepen i romjula i 2007.

Foto: Anne Marie Hvattum / NRK

Ole Kristian Bjørnsen innrømte allereie i tidlege avhøyr at det var han som stod bak drapet på Ragnar B. Abrahamsen.

Abrahamsen vart drepen berre nokre timar etter at fire av dei som budde på drapsgarden hadde vore på ein ranstur til Rena.

- Det var ei blanding av rus, redsel og raseri som førte til drapet, fortalte Bjørnsen i retten i dag.

- Vart truga på livet

Etter at dei kom attende frå Rena-turen la Bjørnsen seg på sofaen for å kvile ut. Så kom Abrahamsen og bad han å kome ut i spisestua.

- Da sa han at dersom eg somna så kom han til å stikke kniven i meg. Eg sa at han skulle slutte med slikt prat, og gjekk attende til stua og la meg på sofaen att. Da kom Abrahamsen inn og gjentok truslane, fortalte Bjørnsen.

Han vart da så provosert at han gjekk ut for å skyte på blikkboksar med salongrifle.

- Da kom Ragnar etter meg og lurte på om vi ikkje skulle gå på låven og skyte villkattar i staden. Eg følgde etter han ned, og før eg visste ordet av det hadde eg skote han i bakhovudet. Deretter skaut eg tre skot til i brystet og hovudet hans.

- Beklager

Bjørnsen tok på seg all skuld for drapet på Abrahamsen, og understreka at ingen andre var delaktige i drapshendinga.

Han understreka også at det heile skjedde impulsivt, og at det ikkje på nokon måte var planlagt.

- Kunne eg ha trekt attende dei fire skota den dagen så skulle eg gjerne gjort det. Eg må berre beklage overfor familien overfor familien og dei pårørande av Abrahamsen. Eg får vel mi straff, sa Ole Kristian Bjørnsen.

Flere saker fra Innlandet