Hytteeigarar vurderer handels- boikott etter skattekrav

Sel kommune vil at 2000 hytteeigarar skal gje kommunen seks millionar kroner i skatteinntekter.
Foto: Johannessen, Sara/SCANPIXHytteeigarar i Sel reagerer kraftig på den nye eigedomsskatten som kommunen vil innføre. Nå vurderer dei å starte handelsboikott.
Publisert 21.11.2008 14:23.
- Skriv ut
- Vi rår ikkje over dei pengane dei tek frå oss, men vi rår jo over dei pengane vi har igjen. Så vi ser at det einaste virkemidlet vi har er å vurdere ein handelsboikott.
Einaste moglegheit
Det seier styreleiar i Mysuseter Vel, Hanne Toftdahl. Velforeininga vurderer å boikotte alt frå handverkarar til handelsnæring.
Ein forskingsrapport frå Østlandsforskning slår fast at ei gjennomsnittleg hytte i Innlandet gir ein lokal omsetnad i hyttekommunen på mellom 13.000 og 14.000 kroner.
- Det er det einaste vi sitt att med av moglegheiter, dessverre, seier Toftdahl.
Har ikkje råd
- Kvifor reagerer de så sterkt på å måtte betale eigedomsskatt?
- Vi reagerer fordi nivået er høgt, det er mykje pengar dei skal ha frå oss.
Dei foreslår at seks millionar kroner i skatteinntekter skal betalast av 2000 hytter. Samstundes vil dei redusere nivået på eigedomsskatten for dei som betaler slik skatt allereie, og det betyr at dei skal ta enda meir frå hyttene. Og det reagerer vi på. Dette er mykje pengar, seier Hanne Toftdahl.
Ho trur at mange hytteeigarar ikkje har råd til å betale eigedomsskatt.
- Mange av hytteeigarane på Mysuseter er pensjonistar og vi trur at det kan bli vanskeleg for mange av dei å betale denne skatten.
Vil ha maksgrense
Velforeininga har bede kommunen om at det må bli mogleg for minstepensjonistar å søke fritak for skatteplikta.
- I møte med ordføraren har vi også bede om ei maksgrense på 10.000 kroner per hytteiegar. Men det ser ikkje ut til at vi møter noko forståing for det.
Lenker
Siste nytt fra Hedmark og Oppland
Torget: Hedmark og Oppland - Din lokale møteplass
Siste poster på Torget
Siste riksnyheter
Vil ikke myke opp egenkapitalen - Minst åtti drept i Syria fredag
- Brasils president med miljøveto
- Pingvin fanget i Tokyo
- BI-lærer anklages for juks
- Nordmann blir klimatopp
- Svenn Stray er død
- Pavens butler arrestert
- Valgthriller i Egypt
- Massearrestasjoner i Baku
- Tre drept i bombeangrep i Tyrkia
- E18 stengt etter ulykke
- Historisk hendelse i rommet
- To hardt skadd i trafikkulykke
- Ble stående på jernbanesporet
- Varsler kaos i flytrafikken
- Bankia trenger 150 milliarder
- Unio trapper opp streiken
- – Ville forstått våre krav
- Sörbö røft behandlet i Sudan
nrk.no/sport
Flere nyheter fra NRK Hedmark og Oppland
Streik i kommune og stat - Køyrde av vegen og hamna i elva
- Ingen nasjonal feiring av Prøysen
- Boikotter næringslivet i Engerdal
- Dyretragedie i Engerdal
- Folkeavstemning om målform
- Airbag-bande på ferde igjen
- Soppen på Basthjørnet er historie
- Åpner Munch-senter i Løten
- Vil ha Erik Røste som skipresident
- Vil ikkje ha ellevte skuleår
- 900 roande tablettar borte
- Mann skadd i paragliderulykke
- Gutt (9) overkjørt av bil på Gjøvik
- Vil innføre et ekstra skoleår







Guardiola tok farvel med cupgull