- Stugguklokka slår eit ekstra slag

Folk i Elverum er lei støyen frå militærleiren Terningmoen.
NRKNaboar er lei støyande kanonskyting på Terningmoen i Elverum.
Publisert 23.10.2008 11:22.
- Skriv ut
- Det klirrar i kjøkenskåpa, bileta fløt seg på veggen og stuguklokka slår ekstra slag.
Slik skildrar Arild Pedersen tilstandane når Forsvaret skyt med kanoner på Terningmoen. Han bur nokre hundre meter utanfor gjerdet til militærleiren i Elverum.
- Eg har målt støyverdiar på 106 decibel ute på troppa mi, fortel han.
- Ingen restriksjonar
Stabsjef i Østerdal garnison, Ola Gundersen, meiner øvinga dei siste vekene ikkje var uvanleg, og seier at det vil bli meir skyting med kanoner utover hausten.
- Det har vore skyting med det vi kallar 84 mm rekylfri kanon. Den er noko støyande, særleg høyrer ein det godt på denne tida av året med lauvfall og med det véret vi har hatt.
Han seier at dei ikkje har pålegg om å flytte øvingar med tyngre skyts utanfor Terningmoen, og det finst ingen avgrensingar for aktiviteten i militærleiren.
- Vi prøver å leggje mesteparten av den tunge skytinga utanfor Terningmoen, fyrst og fremst til regionfelt østlandet. Men det er ikkje fullt ferdig og derfor må vi stundom gjennomføre slik aktivitet på Terningmoen.
Kan kome reglar
Det kan likevel vere håp om betring for skotleie naboar. Forsvarsbygg vurderer nå støyen ved alle skytefelta i landet, og kan leggje konsesjonar til verksemda. Dei skal levere ei utgreiing til forsvarsdepartementet innan utgangen av året.
- Vi har i fleire år sett at det manglar ein konsesjon for Terningmoen, og det vil bli teke høgde for i vår utgreiing, seier Jens Levi Molstad i Forsvarsbygg Øst.
Nabo Arild Pedersen meiner Elverum har eit by-skytefelt, og er ikkje trygg på at dei nye utgreiingane vil hjelpe.
- Denne konsesjonsprosessen må gå opent, og folk som har greie på støy må bli høyrt. Dersom ikkje er eg redd det ikkje vil kome tiltak som monnar.
Siste nytt fra Hedmark og Oppland
Torget: Hedmark og Oppland - Din lokale møteplass
Glomma vid Lagneland.
Stod på strandpromenaden vid Langeland og såg dette speilbilde. Glomma ER vakker…. [...]
Siste poster på Torget
Siste riksnyheter
Opprøret har nådd Aleppo - – Kan være flere lekkasjer
- USA etterlyser norske oljearvinger
- All stans forbudt bak Stortinget
- Difor må observasjonen skje på Ila
- Turister bortført i Sinai
- 40.000 drevet på flukt i Kenya
- Syria-sammenstøt i libanesisk by
- Stor mistro til greske kuttløfter
- - Forferdelege forhold i Kinshasa
- Mener bistandsadvokat lekker
- Antyder Kina-boikott av Norge
- Breivik tvangsinnlegges på Ila
- Frykter ny terrorallianse
- – Djindjic-drapsmann er arrestert
- Beslaga hasj verdt syv millioner
- Storstreik i Hellas mot sparetiltak
- Flere med silikon begår selvmord
- Ringsaker-lærer må gå på dagen
- Stridsvogner stormer Homs
nrk.no/sport
Flere nyheter fra NRK Hedmark og Oppland
Elverum sykehus med 12-timersvakter - Dårlig rykte ødelegger for rumenere
- Ektepar dømt for forsikringssvindel
- Lappet sammen lastebil med stropper
- Kyllingprodusentar får slakt
- Stadig fleire unge blir demente
- Henter Ringenes Herre-ekspertise
- Leter etter kvinne i Kongsvinger
- – Surrealistisk å bli gjenkjent
- Leverer øko-kjøtt til spisested
- Togtrikk vil koste 1,5 milliarder
- – Berger trenger mental trening
- Jervekongen på Dovre skutt
- Fikk et hav av gratulasjoner
- Flere kommuner har demensteam


Pågrepet etter skudd mot politiet





Svindal har knekt Sotsji-koden