Hopp til innhold

Holocaust-nektar til Lillehammer

Den svært omstridde forfattaren David Irving kjem til Lillehammer under Litteraturfestivalen neste år.

Britiske David Irving er mest kjend for å nekte for at jødeutryddingane fann stad under den andre verdskrigen.

David Irving

Den svært omstridde forfattaren og historiakren David Irving kjem til Lillehammer.

Foto: HERBERT NEUBAUER / REUTERS

Han har vorte dømt til fengsel for sine meiningar og er nekta innreise til ei rekkje land.

- Uunngåeleg

Temaet for neste års Litteraturfestival er "sannhet", og det er grunnen til at Irving er invitert, seier kunstnerisk leiar Stig Sæterbakken.

- Det var uunngåeleg å ikkje tenkje på David Irving i forhold til dette temaet. Han er jo ein svært omstridd historikar og forfattar, seier han.

Sæterbakken seier det er viktig å høyre på hans versjon av krigshistoria, og ikkje minst grunngjevinga for denne.

- Vi vil jo også få høve til å stille han spørsmål under dette foredraget, seier Sæterbakken.

- Samanbrot av dømmekraft

Valet av David Irving som foredragshaldar under Litteraturfestivalen skapar sterke reaksjonar i historikarmiljøet i Noreg.

- Det tyder på eit totalt samanbrot av dømmekraft, seier forskningsdirektør ved senter for studier av Holocaust og livssynsminoritetar, Odd-Bjørn Fure.

Han meiner Irving er avslørt som ein svindlar, og at han ikkje på nokon måte har noko å gjere på ein slik festival.

Også leiar for Heimefrontmuseet, Arnfinn Moland, reagerer på Litteraturfestivalen sitt val.

- Eg tykkjer det er oppsiktsvekkjande å velje ein person som har så lite truverd, til å prate om sannhet, seier han.

- Har du tenkt å reise til Lillehammer for å høyre på kva Irving har å seie?

- Det har eg ingen planar om, det kjem ikkje til å gje meg noko som helst, seier Arnfinn Moland.

Flere saker fra Innlandet