Hopp til innhold

Hamar får innlandsteateret

Det nye Teater Innlandet bør få hovudbase på Hamar. Det blir slått fast i ein ny rapport.

Teatersamarbeidet kan bli ein realitet allereie neste haust. Det skal lage forestillingar for heile Hedmark og Oppland, men hovudtyngda blir lagt til Hedmark og Hamar.

Ingen regionkontor

Meininga er at Teater Innlandet skal nytte Hedmark teaters noverande lokale. Her skal både administrasjonen og produksjonsapparatet samlast, for å byggje opp eit godt fagmiljø.

Det blir ikkje lagt opp til regionkontor, slik Hedmark teater i dag har på Tynset og Kongsvinger.

Det blir heller ikkje lagt opp til å ha fast tilsette skodespelarar, regissørar eller andre på den kunstneriske sida. Alle skal leigast inn på prosjektkontrakter.

12-15 oppsetningar

I rapporten blir det skissert mellom 12 og 15 oppsetningar kvart år, og dei fleste skal produserast av teateret sjølv.

Målet er å ha mellom 240 og 300 teater- og danseforestillingar i året rundt om i heile Hedmark og Oppland. Det heile skal synast fram både i byane og på småplassar.

Delte meiningar

Det er staten og dei to fylkeskommunene som må ta stordelen av rekninga for teatersamarbeidet. I rapporten blir det årlege budsjettet foreslått å liggje på omlag 35 millionar kroner.

NRK kjenner til at det er delte meiningar innad i teatermiljøet om korleis Teater Innlandet bør sjå ut.

Spørsmålet er mellom anna om Oppland får nok ut av teateret, når Hamar blir base for produksjonane. Nå er det duka for ei tautrekking i månadane frammover, der både teaterfolk og kanskje også fylkespolitikarar vil gjere sitt for å sikre at dei får mykje teater ut av pengane ut av pengane dei puttar inn i prosjektet.

Flere saker fra Innlandet