Innrømmer ulovleg bjørnejakt

Ein mann frå Trysil innrømmer at han skaut ein bjørn ulovleg i sommar. Saka er nå snart oppklart, trur politiet.
Publisert 05.09.2008 05:39.
- Skriv ut
Ein av dei fem mennene som er sikta for ulovleg bjørnejakt i Trysil i sommar, har i politiavhøyr innrømma at det var han som skaut.
De fem tryslingane har stort sett forklart seg likt om kva som skjedde den natta bjørnen fall, seier miljøkoordinator Knut Norman Mælen hos politiet i Hedmark.
Brukte laushundar
Politiet har nå skaffa seg eit godt bilde av kva som skjedde den natta bjørnen vart skoten, natt til onsdag 12.juni i sommar.
Den 33 år gamle jegeren som er hovudmannen i saka, var den natta saman med fleire kjenningar ute i skogen ved Ørsjøsetra nord for Innbygda. Mennene sleppte der to laushundar som tok ut ein bjørn og deretter gjekk i los på den.
Tre skoleelevar på overnattingstur i området fekk sjå både bjørnen og laushundane koma løpande. Seinare høyrde dei også skogen som felte bjørnen.
Gjennombrot
Etter lengre etterforskning fekk politiet gjennombrot i saka for to veker sidan. Dei fem tryslingane vart arresterte og sikta for anten å ha skote bjørnen, fjerna kadaveret eller å ha medverka til noko av dette.
Bjørnekadaveret er ennå ikkje funne, men slik etterforskinga har utvikla seg, er det heller ikkje nødvendig for å oppklare saka, seier miljøkoordinator Knut Norman Mælen.
Siste nytt fra Hedmark og Oppland
Torget: Hedmark og Oppland - Din lokale møteplass
Siste poster på Torget
Siste riksnyheter
Vil ikke myke opp egenkapitalen - Minst åtti drept i Syria fredag
- Brasils president med miljøveto
- Pingvin fanget i Tokyo
- BI-lærer anklages for juks
- Nordmann blir klimatopp
- Svenn Stray er død
- Pavens butler arrestert
- Valgthriller i Egypt
- Massearrestasjoner i Baku
- Tre drept i bombeangrep i Tyrkia
- E18 stengt etter ulykke
- Historisk hendelse i rommet
- To hardt skadd i trafikkulykke
- Ble stående på jernbanesporet
- Varsler kaos i flytrafikken
- Bankia trenger 150 milliarder
- Unio trapper opp streiken
- – Ville forstått våre krav
- Sörbö røft behandlet i Sudan
nrk.no/sport
Flere nyheter fra NRK Hedmark og Oppland
Streik i kommune og stat - Køyrde av vegen og hamna i elva
- Ingen nasjonal feiring av Prøysen
- Boikotter næringslivet i Engerdal
- Dyretragedie i Engerdal
- Folkeavstemning om målform
- Airbag-bande på ferde igjen
- Soppen på Basthjørnet er historie
- Åpner Munch-senter i Løten
- Vil ha Erik Røste som skipresident
- Vil ikkje ha ellevte skuleår
- 900 roande tablettar borte
- Mann skadd i paragliderulykke
- Gutt (9) overkjørt av bil på Gjøvik
- Vil innføre et ekstra skoleår







Guardiola tok farvel med cupgull