26.05.2012

Otta klar for kongeleg vitjing

Kongefamilien (Foto: Stian Lysberg Solum/Scanpix)

Gudbrandsdalsbyen Otta står klar når kongeparet og kronprinsparet kjem i ettermiddag.

Presis klokka 15.40 skal dei kome til Otta stasjon. Der står og fylkesmann Kristin Hille Valla, ordførar Dag Erik Pryhn og fylkesordførar Audun Tron.

Når dei kjem fram skal dronninga og kronprinsessa få blomster av Ola S. Rusten og Anne Olstad som er 4.klassingar ved Otta og Sel skule.

 

Kongeleg nisjemat

Etter dette skal kongeparet spasere ned i Parken på Otta for å få med seg eit kulturelt program. På tur nedover gata vil dei mellom anna få ein presentasjon av prospektkort med motiv frå kroningsferda på Otta og i Gudbrandsdalen i 1906.

Vidare vil lokale matprodusentar by fram nisjemat av ymse slag til kongefamilien, noko som Arne Brimi vil stå for.

Etter at dei så har vore med på det kulturelle programmet, er det klart for ein pressekonferanse i Sel rådhus. Deretter skal dei kongelege ta toget vidare frå Otta stasjon.

Banner valgresultat 2011 468x110

Siste nytt fra Hedmark og Oppland

Se Østnytt-sendingene her.

Siste riksnyheter

nrk.no/sport

Flere nyheter fra NRK Hedmark og Oppland