Hopp til innhold

15 000 i bot for grov kjeftbruk

Ein mann i 70-åra frå Kongsvinger fekk 15 000 kroner i bot for å ha sjikanert folk.

Mannen var full, og ifølgje folk og politi sjikanerte han fleire personar.

Folk som gjekk forbi jernbanestasjonen vart utskjelt på det grovaste, skriv Glåmdalen .

- Ikkje fyrste gongen

Dermed valte politiet å gje mannen ei bot som svei, på heile 15 000 kroner.

- Bota er høg, men det er ikkje fyrste gongen denne mannen har vore stygg i kjeften mot folk, seier politioverbetjent Per Olaf Nordli til avisa.

Området er kjent for å samle rusmisbrukarar, og politiet har tidlegare uttrykt at dei vil gå strengare til verks mot tilhøva ved stasjonen.

- Vi må vere strenge, det ferdast mange menneske rundt jernbanestasjonen, seier Nordli.

Dersom mannen ikkje vedtek bota kan han vente seg fengselsstraff.

Flere saker fra Innlandet