26.05.2012

Ulovleg bjørnejakt

Bjørn (Foto: NTB-arkiv/Scanpix)

Ein bjørn kan vera ulovleg skoten og drepen i Trysil den siste veka. Men politiet vil ikkje kommentere saka.

Det som er klart, er at politiet etterforskar fleire moglege straffbare forhold i samband bruken av laushundar i området Ørsjøsætra.

Og i dette området nord for Innbygda er det spor etter dyreblod i veien. I førre veke vart det høyrt eit skot, og det vart sett laushundar som skal ha løpt etter ein bjørn.

Politiet har avhøyrt ein person i samband at det vart løyst skot i området i helga, og funn av dyreblod og hår er sendt til DNA-analyse.

Rykte om skyting

Statens Naturoppsyn i Trondheim stadfestar at dei har hjelpt politiet i ei dyresak på Ørsjøsætra, men vil ikkje kommentere om det handlar om ein ulovleg skoten bjørn.

Ubekrefta rykte i Trysil seier at ein namngjeven mann har brukt laushunder i området, og at han har skote ein bjørn.

Rykta fortel vidare at det vart funne mykje blod og dyrehår på denne vegen, og at spor tyder på at eit stort dyr har vore slept eit stykke langs vegen, før det har vorte frakta bort.

Og NRK veit at politiet i samband med undersøkingane fann spor som kan tyde på at ein bjørn er ulovleg skoten.

Banner valgresultat 2011 468x110

Siste nytt fra Hedmark og Oppland

Se Østnytt-sendingene her.

Siste riksnyheter

nrk.no/sport

Flere nyheter fra NRK Hedmark og Oppland