Drøymer om Royal League

Spelarane i Ham-Kam innrømmer at dei håpar på deltaking i Royal League. Men det er mange økonomiske omsyn å ta.
Publisert 28.09.2004 12:49. Oppdatert 28.09.2004 13:20.
- Skriv ut
- Det er ikkje til å leggje skjul på at Royal League er noko vi går for nå! Eg håpar og trur vi skal klare det, seier Ham-Kam- spelaren Espen Haug.
- Ja, det hadde vore sinnsjukt moro å vera med og møte dei beste svenske og danske laga, legg lagkamerat Espen Olsen til.
Etter seieren mot Lillestrøm sundag kveld veit Ham-Kam at spel i Royal League kan vera innan rekkjevidde. Royal League er den nye, store fotballsatsinga i Norden der dei fire beste laga i Norge, Sverige og Danmark møtest til serie og cup-spel.
Sportssjef Truls Håkonsen i Ham-Kam er positiv til Royal League-spel, men er ikkje sikker på om det er ei gullgruve. Publikum viktig
Men det er mange praktiske omsyn for klubben å ta ved eit spel i Royal League. Økonomi, publikumsinteresse og baneforhold er sentrale stikkord.
Sportssjef Truls Håkonsen i Ham-Kam er positiv til deltaking i den nordiske fotballsatsinga, men er slett ikkje sikker på om dei blir ei gullgruve. Det kjem mykje an på publikumsoppslutnaden.
- Dersom det kjem 5000 tilskodarar betyr det 650 000 kroner i klubbkassa. Kjem det 1000, blir det mykje mindre. Og publikumsbiten er viktig å ha i botnen for økonomien i dette, seier Håkonsen.
Dyr oppvarming
Klubben får 250 000 kroner for ein seier, 125 000 dersom dei spelar uavgjort. Briskeby gressbane kan også by på økonomiske utfordringar.
Ham-Kam spelar i tippeligaen på dispensasjon frå Norges Fotballforbund. Dei same reglane gjeld i Royal League. På Briskeby nyttar dei varmekablar, noko som kan bli dyrt dersom dei skal ha straum på bana frå 1. november til uti mars.
- Det går fort ein million berre på oppvarming, seier Truls Håkonsen.
Marius Gullerud meiner Royal League-spel vil vera eit stort utstillingsvindauge for unge, framadstormande Ham-Kam- spelarar. Utstillingsvindauge
Om klubben er spent på økonomien i det, så er Royal League utan tvil viktig for spelarane. Særleg for dei som vil vise seg fram internasjonalt.
- Ja det er eg overtydd om. Og det er artig om vi får vera med og måle oss mot dei beste nordiske laga, meiner Marius Gullerud. Royal League er eit stort utstillingsvindauge for unge, framadstormande spelarar i Ham-Kam.
Og Espen Haug er ikkje i tvil om kven ønskjemotstandaren er:
- Det må bli FC Købehavn, trenar Ståle Solbakken sin gamle klubb!
Tida vil vise om det verkeleg blir Royal League- spel på Ham-Kam.
Ham-Kam
Siste nytt fra Hedmark og Oppland
Torget: Hedmark og Oppland - Din lokale møteplass
Glomma vid Lagneland.
Stod på strandpromenaden vid Langeland og såg dette speilbilde. Glomma ER vakker…. [...]
Siste poster på Torget
Siste riksnyheter
- Stridsvogner stormer Homs
- Sliter med ekstremt kattehold
- Hein Bæra lot familien se Breivik
- Vil ha gebyr på byggeklager
- Breivik planla flukt med småfly
- Døde etter kollisjon i fjellvegg
- To nye siktet i Klemetsrud-drapet
- En person død i fjellveggkollisjon
- Trondheim Ap vil bytte ut Halvorsen
- Vurderer verneplikt for kvinner
- - Førstepremien er 700 millioner
- Sp vil ha skog inn i klimameldinga
- - Politiske partier bør lære av oss
- –Kanskje signaler man burde sett
- En annen side av Kabul
- Russlands økonomiske hodepine
- «Hermetisk lokk» på Homs
- Maldivene: Ny leder slår ned på uro
- Norsk turist funnet død i India
- Gutter og jenter møtes hver for seg
nrk.no/sport
Flere nyheter fra NRK Hedmark og Oppland
Ektepar dømt for forsikringssvindel - Lappet sammen lastebil med stropper
- Kyllingprodusentar får slakt
- Stadig fleire unge blir demente
- Henter Ringenes Herre-ekspertise
- Leter etter kvinne i Kongsvinger
- – Surrealistisk å bli gjenkjent
- Leverer øko-kjøtt til spisested
- Togtrikk vil koste 1,5 milliarder
- – Berger trenger mental trening
- Jervekongen på Dovre skutt
- Fikk et hav av gratulasjoner
- Flere kommuner har demensteam
- Papirløse krokodiller sliter
- Språklig forvirring i 40 mil








Østberg leder Rally Sverige