Kampanje for kvinner
Fleire kvinner må inn i kommunestyra. Det meiner initiativtakarane bak ein kampanje som oppfordrar veljarar til å hjelpe kvinnene inn.
Publisert 07.09.2007 07:23. Oppdatert 07.09.2007 08:36.
- Skriv ut
Velgjarane i Hedmark og Oppland blir nå oppfordra til å setja eit ekstra kryss ved kvinnene på vallistene, for å få fleire kvinner inn i kommunestyra.
Bak kampanjen står likestillings- og diskrimineringsombodet. I Innlandet er det prosjektet Likestilt demokrati på Kvinneuniversitetet i Hedmark som køyrer kampanjen.
Fare for demokratiet
Det er berre 37 prosent kvinner i kommunestyra i Hedmark og Oppland.
- Ei slik skeiv kjønnsfordeling kan vera ein fare for demokratiet, seier Signe Opsahl i Likestilt demokrati.
- Også ved dette valet er det nominert relativt få kvinner. Dersom vi skal vi inn fleire kvinner enn før, er det veljarane som må gjera det, seier ho.
Som ein del av kampanjen er det er hengt opp plakatar med bodskapen Kryss Kvinner, der veljarane blir oppfordra til å setja eit kryss ved namnet til kvinner på stemmesetelen. Erfaringar frå tidlegare viser at den gongen det var mogleg å stryke folk frå listene, vart kvinner i mykje større grad enn menn strokne.
Nødvendig med kampanjar
Det er nødvendig med slike kampanjar for å få kvinnene fram, seier Ida Kristine Teien. Ho står på andreplass på Senterpartiets fylkesliste i Hedmark:
- Men slike kampanjar åleine løyser ikkje problemet, meiner ho.
- Skal vi ha det same rekrutteringstempoet som i dag, vil det ta 80 år før vi har full likestilling. Derfor er det nødvendig også med andre tiltak.
Mange hinder
Men det er mange hinder å koma over. Ordførar i Tolga Marit Gilleberg reagerer sterkt på at ordførarkandidat Marit Erlien Hulbækmo denne veka fekk kritikk i Arbeidets Rett for at ho manglar politisk erfaring.
- Dette hadde ikkje skjedd ein mann, seier ho.
Denne veka vart også ei undersøking frå NTNU kjent ,der fleire skodespelarar hadde fått i oppdrag å presentere eit og same politiske bodskapen for ungdommar på rundt 18 år. Resultata viste at 18-åringane trudde mest på mennene og meinte at dei hadde dei beste argumenta trass i at dei framførte akkurat den same teksten.
Dette overraska Elisabeth Sisselrud. Ho er 18 år og står på sjuande plass på APs liste i Kongsvinger.
- Slike kampanjar burde vera unødvendige, seier ho. - Det er viktig å velja den beste uansett kjønn.
Siste nytt fra Hedmark og Oppland
Siste riksnyheter
NRKsport.no
Flere nyheter fra NRK Hedmark og Oppland
Ville tilbake til tiltalt psykiater - De fire første finalistene er klare
- Endelig enige om motorcrossbana
- Ser krigsfilm før avreise
- - Ulykka må få etterspill
- Sovnet fra mat i stekeovnen
- Våler uten vann
- Fyllekjørere kan få alkolås
- Bussulykka er henlagt
- Hamar rådhus kan bli Norges peneste
- Tvinges til å flytte kirka
- Overgrepssiktet slipper ikke ut
- Var ikke pasient, men kjæreste
- Benedikte Narum i morgensendinga
- Var kjæreste, ikke pasient
- Bør ikke få lappen før fylte 23 år
- Motorsyklist hardt skadet
- Få sjuke birkebeinarar
- Klart for tidenes skoghandel
- Storseier til Elverum
- Kantinepoliti på vidaregåande skule
- Kraftig kritikk av Norsk Tipping
- Psykiateren mistenkte overgrep
- Savnet kvinne funnet av hund
- Leter etter kvinne i Kongsvinger
- KIL sliter med millionsprekk
- 77-åring i fengsel etter påkjørsel
- Fylkesrådet avviser mistillit
- Driter i tennishallen
- Dømt for vold, narko og ulovlig sex

Må lære kyr å bruke nødutgangen
