Hopp til innhold

Hits fra Innlandet

Vazelina Bilopphøggers er bare ei av mange popgrupper og artistar i Hedmark og Oppland som har toppa både nasjonale og internasjonale lister.

Vazelina Bilopphøggers
Foto: Helge Hansen / Scanpix

Hør hele programmet "Hits fra Innlandet"

Ole Ivars, Øystein Sunde og Inger Lise Rypdal er alle artistar frå Hedmark og Oppland som har gjort karriere og toppa hitlistene dei siste 30-40 åra.

Men visste du at Band of the sixties frå Valdres tok førsteplassen på Europatoppen for snart 30 år sidan med melodien "Keep on running"?

Eller at Kjell Vidars frå Hadeland bklei nummer 1 på Europatoppen i 1977 med "Guitar boogie"

Eller at "Doodle bugs" frå Elverum var større på Færøyane enn Beatles og Nancy Sinatra? 

og at Ingjerd Helen frå Kapp var på Danmarkstoppen, mens Retur frå Stange selde 400.000 plater i Sverige?

TNT med Ronni le Tekrø frå Toten er blitt legende, ikkje minst i USA og Japan, Conception frå Toten er stadig på turne i Europa, og Dag Kolsrud og One 2 Many frå Gjøvik gjekk Downtown både i London og New York..

På Europatoppen

På 60- talet gjekk Spencer Davies Group sin melodi "Keep on running" som ein farsott over Europa og Norge.

Ti år etter danna ein gjeng unge valdriser gruppa "Band of the sixties". Frontfigurar var Kjetil Kjelle og Ola Thue som seinare blei kjent politietterforskar . Gruppa spesialiserte seg på 60-talsmusikk og blei et ettertrakta live-band.

I 1980 spelte "Band of the sixties" inn låta "Keep on running" som, mot alle odds, gjekk rett inn på Europatoppen, et radioprogram som kåra dei mest populære melodiane i heile Europa.

Det blei ingen verdensberømmelse på Valdresgjengen, og gruppa blei kort tid etter oppløyst. Men vokalist Kjetil Kjelle er framleis aktiv i mange sammenhengar.

Mest kjent et visa hans om "OL fatter`n" som fekk olympiske leikar til Lillehammer. Og da Norge arrangerte B-VM i ishockey i 1989, slo Kjelle ut sjølvaste Madonna på hitlistene med ishockeyvisa si.

Men første "europatoppare" frå innlandet var ein gjeng hadelendingar, Kjell Vidars, med lang erfaring fra Norsktoppen.

Norsktoppdebuten var i 1974 med den norske versjonen av Terry Jacks-låta "Seasons in the sun", på norsk "En sommerdag en gang".

Gruppa kan notera seg 87 veker på Norsktoppen og 25 førsteplassar.

Men i januar 1977 fekk guttane nærmast bakoversveis da instrumentallåta "Guitar Boogie" gjekk rett til topps. I sterk konkurranse med Donna Summer.

Fra dype skoger

Den Elverumsbaserte gruppa Doodle Bugs kom aldri inn på Europatoppen, men blei derimot heltar på Færøyane

Ved eit mistak blei plata med melodien "Margaretha" sendt til ein musikkhandlar i Torshavn som blei så begeistra for låta at han ga den til den lokale radiostasjonen , og vips, Doodle Bugs var ettertrakta vilt. "Margaretha" slo ut både Beatles og Nancy Sinatra og Lee Hazlewood på dei færøyiske hitlistene.

Og Doodle Bugs var på stadige turnear med tekstar om folk og natur i dette vesle øyriket.

Fra Toten til Japan

Rolf Ågrim Tekrø, eller Ronni, som er kunstnarnavnet hans, er uløyselig knytta til hardrockgruppa TNT.

Gruppa er nærmast blitt legendariske etter suksessrike turnear i Europa, USA og Japan.

Største hiten ute er "Intuition" som kom i 1989, men den store slageren her heime og den dei fleste forbinder med TNT, er 10.000 lovers fra 1987.

Downtown Gjøvik

Dag Kolsrud frå Gjøvik gjorde verdenssuksess med gruppa One 2 Many sammen med vokalist Camilla Griehsel og gitarist Jan Gisle Ytterdahl

Dag skreiv alt sjøl, og låta Downtown gjorde i 1988 suksess i heile Europa. "Downtown" blei bandets einaste skikkelige hit på verdensbasis.

Men også albumet "Mirror" og singlane "Another man", "Nearly there" og "Writing on the wall" selde bra.

Etter One 2 Many-perioden gjekk Dag Kolsrud over i gruppa Guys in disguise, og deretter satsa han på solokarriere, uten den heilt store suksessen.

"Sing med a song"

Fire langhåra kameratar frå Stange la Norge for sine føtter på 80- talet med sjøllaga rock.

Knut Erik Østgård, vokal og gitar, Øyvind Håkonsen, trommer, Steinar Hagen, gitar og bass og Tore Larsen, bass, utgjorde Return som blei spelt på alle radiostasjonar og samla fulle hus over alt.

Melodien "Sing me a song" låg på Norsktoppen i et år.

Return er og var et typisk live-band som turnerte både i Norge og utlandet, "Bye, bye Johnny" selde 400.000 eks. i Sverige.

Det starta med bandet Polish på ein låve i Stange i 1980. I følgje ryktene trudde mange stangesokningar det var øving til NM i motorsag som foregjekk.

Etter tre år bytta bandet navn til Return.i 1985 blei bandet kåra til norgesmestrar for rockeband.

Etter seks års speling tok guttane ein pause i 1993, men i 1999 kom albumet "The best of Return" som selde ca. 70.000 eks.

Og framleis er Return på veien.

Conception

Conception har gitt ut 4 album: "The last sunset" i 1991, "Parallell minds" i 1993, "In your multitude" i 1995 og "Flow" i 1997.

Bandet gjekk i oppløysing, men blei  gjenforent til Progpower-festivalen Atlanta USA september 1995. Noen dagar før hadde dei spelejobb på Ampfield på Gjøvik. .

Conception var Roy Khan (vokal), egentlig Roy Sætre frå Elverum, Thore Østby (gitar) , Arve Heimdal (trommer), Ingar Amlien (bass), Han blei også med i extrem-metal-gruppa Crest of Darkness sammen med Thomas Rebo Bjerke frå Gjøvik, og Kjell Arne Hubred frå Trysil.

Roy Khan (Roy S. Khantatat) er nå for mange bedre kjent som frontmann/vokalist i det amerikanske bandet Kamelot. Han er kjent for å vera ein av dei aller beste vokalistane innafor progressiv hard rock.

På topp i Danmark

Ingjerd Helen, med etternavnet Dahl, er jenta frå Kapp som på 70- talet var gjengangar i Ønskekonserten og publikumsfavoritt i samfunnshus over heile landet. Gruppa hennar, Firebeats, gjorde også suksess i utlandet, spesielt i Danmark der melodien "Klap i takt" låg på Dansktoppen i lang tid.

I Norge kjenner vi henne best med melodien "Gull og grønne skoger", "Livets lotteri" og "MP Bardufoss".

Før ho blei fast vokalist med Firebeats, var ho med i Gjøvikbandet Falcons og Totenorkestret Torry Enghs.

I 1980 ga Ingjerd Helen seg som aktiv musiker, i ein alder av 34 år

Så langt har ingen , trass i mange forsøk, greidd å lokka henne tilbake i rampelyset.

Flere saker fra Innlandet