25.05.2012

Dyrevernet får kritikk

Dyrebeskyttelsen i Noreg og Dyrealliansen meiner det offentlege dyrevernet i Noreg er for dårleg organisert.

Dette kom fram etter at det natt til fredag vart funne 15 kyr døde på båsen på ein gard i Sør- Fron, som var blitt forsømt sidan jul.

Ove Myrmel, leiar for Dyrebeskyttelsen, meiner dyrevernet bør organiserast med mindre distrikt og heiltidstilsette inspektørar.

Han meiner også at nemndene må vere samansett av ei breiare gruppe av samfunnet enn i dag.

Myrmel reagerer på at dyrevernsnemda i Fron og andre lokale nemder er sett saman av omlag 80 prosent bønder som skal ha tilsyn med dyrehaldet til andre bønder.

Tidlegare hadde desse lekmannsnemdene dessutan tilsynet i berre ein kommune.

- No har dei eit større distrikt å forhalde seg til, og kontrollen med dyrehaldet blir sjeldnare, seier han.

Både Dyrevernalliansen og Dyrebeskyttelsen i Noreg arbeider for at det offentlege dyrevernet blir organisert på ein anna og meir profesjonell måte.

Lyd og video

Banner valgresultat 2011 468x110

Siste nytt fra Hedmark og Oppland

Se Østnytt-sendingene her.

Siste riksnyheter

nrk.no/sport

Flere nyheter fra NRK Hedmark og Oppland