Hopp til innhold

Bjarne har spelt i same korpset i 80 år

Den fyrste klarinetten han hadde var laga av ei gammal fiskestong. I år feirer Bjarne Tjernsli 80 år som korpsmusiker.

93-årige Bjarne Tjernsli har spilt i Tretten musikkforening siden 1933. Den første klarinetten hans var laget av en gammel fiskestang.

Bjarne Tjernsli har vore på mellom 4000 og 5000 musikkøvingar, og er like ivrig kvar gong.

Fingrane spring like leikande lett over instrumentet i dag som dei gjorde for 80 år sidan. Og det skal ikkje stå på rutinen, 93 år gamle Bjarne Tjernsli har vore på mellom 4000 og 5000 musikkøvingar sidan han starta så smått å spele i Tretten musikkforening i 1933.

– Den fyrste klarinetten eg hadde laga bestefar min av ei gammal fiskestong. Han saga av den bakre delen, slik cirka 75 centimeter, og bora på hòl oppå etterpå.

Bjarne Tjernsli

Bjarne tek gjerne ein liten skala på klarinetten til ære for fotografen.

Foto: Terje Gording Hong / NRK

Kongens fortenestemedalje

Både tilgangen og kvaliteten på instrumenta har nok endra seg på 80 år. Men statusen ved å spele i korps var nok hakket høgare før.

– Det var eigentleg ganske stort å få på seg ei skikkeleg pen musikklue og vere litt fin. For å ikkje snakke om da vi fekk uniformer. Da var det storveges, smiler den ivrige musikanten.

På veggane heng diploma og utmerkingane i fleng, men det er spesielt ein som bokstavleg talt heng høgt.

Borghild Tjernsli

Kona Borghild støttar trufast sin ivrige musikant, og tykkjer han er dugeleg stram i uniform.

Foto: Terje Gording Hong / NRK

– Det er nok denne eg set mest pris på, kongens fortenestemedalje i sylv, seier han stolt.

Gler seg til 17. mai

Sjølv om mykje tid har gått med på å spele marsjar på klarinetten, har han heile vegen fått full støtte frå kona Borghild. Ho tykkjer han er skikkeleg stram når han tek på seg uniforma si, men avviser at det var den som gjorde utslaget i frieriet.

– Eg forelska meg dugeleg i det som var inni uniforma, men musikk og korpsmusikk er storarta, tykkjer eg.

Kvar veke troppar Bjarne trufast opp på øving, og lovorda om korpsets grand old man sit laust blant dei andre medlemmane.

– Han klarar alt. Alt er så enkelt for han medan vi andre trælar livet av oss, ler ei av medmusikantane.

Nå er førebuingane i gang for fullt før nasjonaldagsfeiringa. Ein spesiell dag for den 93 år gamle klarinettspelaren.

– Når ein får på seg uniforma og skal stille opp og marsjere 17.mai-morgonen... Det er fint, det er ei stor oppleving kvar gong.

Tretten musikkforening 1954

Tretten Musikkforening anno 1954.

Foto: Terje Gording Hong / NRK

Flere saker fra Innlandet