21.12.2014

Ras og rasfare stengjer vegane

Snøras på fylkesveg 337 til Veitastrond (Foto: Roger Fåberg)

SNØRAS: Dette raset stengjer vegen til Veitastrond fredag morgon.

Foto: Roger Fåberg

I løpet av fredagen har det tikka inn stadig nye meldingar om stengde vegar på grunn av ras og rasfare.

Skal du ut på vegane fredag? Då bør du ha dette i bakhovudet: Det er meldt om stor fare for flaum og sørpeskred i bekkar og mindre elvar, i tillegg til ras i bratte fjellsider.

Fleire stader i Sogn og Fjordane er det ein klissvåt fredag, og utover dagen kan det enkelte stader kome så mykje som 80 millimeter nedbør i løpet av eitt døgn. Styggevêret kjem også med vind, og dei store nedbørsmengdene og vinden set allereie sitt preg på vegane.

Fleire stader i låglandet har det regna så mykje at det er fare for vassplaning. I tillegg kjem det stadig inn nye meldingar til Vegtrafikksentralen om mindre ras. Det er mykje vatn, jord og stein som kjem ned fjellsidene.

Ras sperrar fleire vegar

Utover morgonen fredag har det kome inn fleire meldingar om ras langs vegane.

Like før klokka 12.30 kom det meldingar om at det hadde gått eit ras på fylkesveg 5 like ved Eikefjord. Når du kjem frå Florø har raset gått like etter avkøyringa til Eikefjord sentrum.

Kjetil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal seier raset ikkje skal vere veldig stort, og det er maskiner på veg for å rydde vegen. Han trur vegen vil opne att innan ein halvtime-time.

Det er omkøyringsmoglegheiter ved å køyre via Eikefjord sentrum og ikkje på den «nye» vegen.

Usikkert når vegen kan opne att

Kort tid før klokka 07.30 kom det melding om at det hadde gått ein steinras på riksveg 609 mellom Stongfjorden og Førde. Raset har gått ved Hundsåna, ein plass som er kjend for å vere rasfarleg. Det skal også ha kome ned ein del stein i vegen i området utanfor sjølve raset, opplyser Vegtrafikksentralen..

Vakthavande Ketil Molvær seier vêrvarselet og vurderingar som er gjort på staden gjer at vegen truleg ikkje vil opne att før ut på ettermiddagen.

– Dette er ein plass som er utsett for steinsprang, og ein er redd det skal kunne kome ned meir masse i vegen, seier Molvær ved 09.30-tida.

Det blir gjort ei ny vurdering her klokka 15.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fylkesveg 609 ved Hundsåna (Foto: Hogne Grimelid)

STENGD: Vel 50 meter frå der biletet er teke sperrar eit ras vegen mellom Stongfjorden og Førde. Det kjem store mengder vatn ned frå fjellsidene og det blir kasta stein ned i vegen fleire stader.

Foto: Hogne Grimelid

Vart møtt av snøras

Også fylkesveg 337 mellom Hafslo og Veitastrond har fredag morgon vore stengd på grunn av ras. Meldinga om dette raset kom inn i 08-tida.

Roger Fåberg som er brøytesjåfør på strekninga sa ved 08.30-tida at raset hadde gått i området Kvamsbukti, der det stadig går ras på strekninga.

– Det er ikkje så veldig stort, så eg trur det skal gå an å rydde relativt fort, seier Fåberg til NRK.no ved 08.30-tida.

Ved 11-tida var vegen her opna att.

– Ver forsiktige

Vakthavande, Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal ber folk vere forsiktige.

– Det er veldig mykje vatn langs vegane, i tillegg til litt isnedfall og stein som har kome ned i vegbana enkelte stader, seier Molvær.

Han har mellom anna fått melding om at det har oppstått fleire farlege situasjonar ved Sundefjelltunnelen på riksveg 5 mellom Førde og Florø på grunn av mykje vatn i vegbana. Også i Avenbukta på E39 mellom Lavik og Vadheim er det mykje vatn.

– Folk som tek kontakt med oss seier det er vanskeleg å oppdaga at det er så mykje vatn der fordi vegen er så svart, seier Molvær.

Mellom Åheim og Selje var vegen tidleg fredag morgon stengd på grunn av eit tre som låg over vegen, men ved 06.30-tida var vegen rydda her.

Slik var stoda klokka 14.00:

  • E16 Filefjell – ope for fri ferdsle
  • Riksveg 13 Vikafjellet – stengd grunna ras og rasfare. Blir ikkje opna att fredag
  • Riksveg 15 Strynefjellet – stengd grunna fare for ras. Ny vurdering klokka 16
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet – ope for fri ferdsle. Her er det liten kuling og sludd
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland – opna for fri ferdsle, kolonnekøyring kan innførast på kort varsel
  • Fylkesveg 53 Tyin-Årdal – opna att etter å ha vore stengd grunna ras
  • Fylkesveg 609 Stongfjorden–Førde–stengd grunna steinras. Ny vurdering klokka 15.
  • Fylkesveg 92 Arnafjorden i Vik – opna att etter at vegen var stengd grunna steinras
  • Fylkesveg 152 Ulvastad-Menes – stengd grunna snøras
  • Fylkesveg 692 Øvreset-Hetle bru - stengd grunna snøras
  • Fylkesveg 722 Storesunde-Flo – stengd grunna rasfare. Ny vurdering klokka 14
  • Fylkesveg 723 Bødal-Loen – stengd grunna rasfare. Ny vurdering klokka 14.

I forhold til Filefjell og Hemsedalsfjellet som ved 10-tida var dei fjellovergangane utan problem, trur Molvær at det vil vere ope her utover dagen.

Sidan nedbøren har kome som regn også høgt til fjells har truleg den lause snøen festa seg ein del. Sjølv om det då er til dels sterk vind i fjellet vil det ikkje bli snøfokk slik det har vore problem med i lange periodar tidlegare i vinter.

SJÅ OPPDATERTE VEGMELDINGAR HER

Dei store nedbørsmengdene som har vore venta i løpet av natt til fredag og fredag har også gjort til at NVE har gått ut med melding om at nedbør og snøsmelting kan auke faren for lokal flaum. Sidan jorda fleire stader allereie er veldig vassmetta, er det også større fare for at det kan gå jordskred.

Banner valgresultat 2011 174x220
NRK Butikken