Hopp til innhold

– Barnehageborn må ut i skogen for å få opp pulsen

Barnehageborn har like lav intensitet på leiken ute på leikeplassane som dei har inne. Dei må ut i fri natur for å få pulsen opp, viser ei undersøking frå forskarar ved Høgskulen i Oslo og Akershus.

Barn i barnehage har like høy intensitet på leken inne som ute. For å få helsegevinst må barna ut i naturen, viser en undersøkelse av forskere på Høgskolen i Oslo og Akershus.

Førstelektor ved høgskulen i Oslo og Akershus, Heid Osnes og høgskulelektor Hilde Nancy Skaug har saman med deltidsstudentar ved barnehagelærarutdanninga på Høgskulen kartlagt aktivitetsnivået til born i over 200 ulike barnehagar i Oslo-området.

– Vi finn ikkje nokon skilnad på intensiteten i det vi kallar kroppsleg vilter leik inne i barnehagen og på uteleikeplassen, seier Osnes.

– For lite areal

Landskapsarkitekt Askild Nilsen, seier det er vanskeleg å lage gode nok uteleikeplassar når det ikkje er krav til areal på leikeplassane.

– Vi har ikkje reglar for kort stort leikearealet i barnehagane skal vere. Bilen skal ha plass, søpla skal ha plass og brannbilen skal kome fram - men det er ingen krav til kor mykje areal borna skal ha å boltre seg på ute.

Liten variasjon på uteleikeplassane

– Ein uteleikeplass kan fort bli veldig stasjonær og lite spanande for borna. Den gir ikkje nok utfordringar og blir kanskje til og med litt keisam, meiner Osnes.

Førstelektor Heid Osnes

Førstelektor Heid Osnes meiner borna ikkje har høg nok intensitet på leiken på uteleikeplassane i barnehagane.

Foto: André Riise / NRK

Undersøkinga viser at 70 prosent av aktiviteten til borna ute i naturen har høg eller moderat intensitet, medan berre 40 prosent av aktiviteten inne og ute på leikeplassen har det same.

– Viktig at dei vaksne involverer seg

Forskinga syner også at borna er meir aktive når dei vaksne involverer seg i leiken, noko dei vaksne ikkje gjer i like stor grad ute på leikeplassen som ute i naturen.

– Når borna skal ha såkalla "frileik" ute, så avviklar dei vaksne møter og tar matpausane sine. Ut i frå det våre deltidsstudentar rapporterar, er det ikkje ofte at det er eit pedagogisk opplegg knytta til kroppsleg leik på uteleikeplassen, seier Osnes.

Olav 4 år

UTFORDINGAR: Olav (4) likar godt å vere på oppdagingsferd ute i skogen.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

– Barnehageborna får nok aktivitet

Osnes meiner det ser ut til at leik i natur i størst grad bidreg til å oppfylle Helsedirektoratets anbefalingar om høgt til moderat aktivitetsnivå.

Avdelingsdirektør for miljø og helse i Helsedirektoratet, Jakob Linhave meiner barnehageborna likevel bevegar seg nok samanlikna med born i andre aldrar.

Jakob Linhave, fagdirektør Helsedirektoratet

Avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Jakob Linhave, seier han ikkje er uroa for at barnehageborna får for lite fysisk aktivitet.

Foto: Kim Jansson/NRK

– Vi meiner at dei yngste borna er dei som får mest aktivitet, når ein samanliknar med andre aldersgrupper. Tendensen er at born blir mindre aktive kor eldre dei blir, så det er viktig å legge eit godt grunnlag i barnehagealder og ha fokus på fysisk aktivitet der, seier Linhave.

AKTUELT NÅ