Hopp til innhold

Stavanger har blitt kledd i lyseblått

Sandnes Ulf sine supporterar har vore ute på tokt i Viking-byen i natt. Det har kome inn meldingar om lyseblå drakter på fleire av byens statuar og på Viking Stadion.

  • Har du sett Sandnes Ulf sine drakter i Stavanger i dag? Send bilete til rogaland@nrk.no

Det er Sandnes Ulf sin supporterklubb som står bak nattas aksjon der heile Stavanger har blitt pryda med lyseblå drakter.

Måndag spelar klubben sin første eliteseriekamp nokon sinne, og det mot Viking, rivalane i nabobyen Stavanger.

Dyr aksjon

Gisle Oseberg før Solberg Motorshow på Viking Stadion

Då driftssjef i Viking, Gisle Oseberg, kom på jobb i dag, blei han møtt av eit Viking stadion med hadde rekna med at det ville koma noko i forkant av kampen.

Foto: Lise Andreassen Hagir / NRK

– Me har gjort det for å skapa blest rundt kampen mot Viking på måndag, og for at folk skal leggja merke med oss, og ikkje berre Viking, seier Simen Gjerdevik Hana i supporterklubben Gaukereiret.

– Men det er ein dyr aksjon der fleire nye drakter har gått med?

– Ja, aksjonen er finansiert av medlemsavgifter og eigne pengar, seier han.

Fleire av Stavanger sin rustne menn, Alexander Kielland, Cornelius Kreutz og fiskaren på torget i løpet av natta blitt tilhengarar av fotballaget i nabobyen.

I tillegg har det også på Viking stadion blitt sett opp store Ulf-flag, desse har blitt fjerna i morgontimane av driftssjef Gisle Oseberg.

Høyr korleis Viking reagerte på Ulf-tokta

– Hadde rekna med noko før kampen

– Det var drakter, som mellom anna var hengt opp på døra her, og flagg i flaggstengene. Dei må ha veldig god råd der ute når dei kan gje vekk drakter i hytt og pinevêr, seier driftssjefen.

Han seier at han ikkje blei sjokka då han kom på jobb, og at han hadde rekna med at det ville koma eitt eller anna frå supporterklubben før kampen på måndag.

– Dette er berre show. Om me ikkje kan tulla litt med kvarandre blir dette heilt feil, seier Oseberg, som ikkje vil sjå vekk frå ein hemnaksjon frå Viking sin supporterklubb Hordene.

Tokta frå Ulf-supporterane skjer ei snau veke før eliteseriestart, Sandnes tar imot Viking i opningskampen på måndag.