Hopp til innhold

Behring Breivik er utilrekneleg

Rettspsykiatrane konkluderer med at massemordaren Anders Behring Breivik lir av paranoid schizofreni og ikkje kan få straff.

Video Her offentliggjøres ABB-rapporten

Sjå utgreiinga om den mentale helsa til Anders Behring Breivik. Den terror-sikta 32-åringen lir av paranoid schizofreni, ifølgje rettspsykiatrar.

Pressekonferanse om sakkunnig-rapport

Det var stor interesse for offentleggjeringa av konklusjonen i rapporten om Behring Breiviks mentale helse.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Anders Behring Breivik er utilrekneleg og kan ikkje få fengselsstraff. Det er konklusjonen frå rettspsykiatrane som har vurdert sinnstilstanden til den terrorsikta.

Behring Breivik var psykotisk, både på tida for ugjerningane han er sikta for og under observasjonen dei har hatt av han, heiter det i rapporten.

Påtalemakta vurderer no å flytta Behring Breivik frå Ila fengsel, der han sit i varetekt, til eit psykiatrisk sjukehus.

Lir av paranoid schizofreni

– Han har over ein lengre periode utvikla sjukdomen paranoid schizofreni, som har endra Behring Breivik til den personen han er i dag, siterer statsadvokat Svein Holden frå rapporten.

Paranoid schizofreni er ei psykisk liding som gir seg utslag i vrangførestellingar og hallusinasjonar om til dømes opphøging av eigen person og forfølgjing, ifølgje Store norske leksikon.

Paranoid schizofreni er den mest klassiske sinnslidinga som gjev straffefritak

Dersom retten tek dei sakkunnige sin konklusjon om utilreknelegheit til følgje, vil han bli overført til tvinga psykisk helsevern for behandling på ein psykiatrisk institusjon.

Avlsprosjekt på nordmenn

Rapporten i si heilheit vil ikkje bli offentleggjort før rettssaka mot Behring Breivik startar den 16.april 2012.

På grunn av den enorme interessa nasjonalt og internasjonal, valde statsadvokatane likevel å gå ut med nokre av argumenta som rettspsykiatrane har lagt til grunn for konklusjonen sin:

  • Behring Breivik er ein person som lever i sitt eige vrangførestellingsunivers, der alle tankar og handlingar er styrte av desse vrangførestellingane.
  • han seier at han har utført drapa av kjærleik til folket sitt. Han kjenner seg utvald til å bestemma kven som skal leva og døy, og som ein som skal rettleia folket.
  • Behring Breivik karakteriserer seg sjølv som den mest perfekte riddaren etter Den andre verdskrigen, og seier at hans organisasjon «Knight`s Templar» vil overta makta i Europa.
  • Han kallar seg «den framtidige regenten i Noreg og Europa».
  • Han har tankar om å gjennomføra eit avlsprosjekt på nordmenn og å organisera dei i reservat.

– Sjuk i lang tid

Tegning av Anders Behring Breivik

Anders Behring Breivik har truleg utvikla sinnslidinga paranoid schizofreni over ein lang tidsperiode, meiner rettspsykiatrane.

Foto: Esther Maria Bjørneboe (rettstegning)

Som tilrekneleg kunne han ha fått den strengaste straffa i landet - 21 års fengsel med forvaring så lenge han lever.

Massedrapsmannen hamnar uansettbak lås og slå, men for mange av dei overlevande og pårørande etter terroraksjonane 22.juli har det ein viktig symbolsk verdi at massemordaren blir sperra inne i ei fengselscelle.

– Me som er råka ønskjer ikkje at Breivik skal få mogelegheita til å skada samfunnet igjen, seier leiaren for Nasjonal støttegruppe etter 22.juli, Trond Blattmann i ei pressemelding tysdag.

Rettspsykiatrane var samde om konklusjonen og dei var ikkje i tvil om at Behring Breivik må vera psykotisk og utilrekneleg.

– Konklusjonen er utan tvil, opplyste rettspsykiatar Torgeir Husby då han overleverte rapporten til Oslo tingrett i dag tidleg.

Statsadvokatane vil ikkje gje detaljar om kva tid rettspsykiatrane trur at sjukdomsutviklinga kan ha starta, men kommenterer at schizofrenien har utvikla seg over ein lengre tidsperiode.

– Eg er ikkje overraska over at psykiatrane har vurdert han som utilrekneleg. Eg har lest gjennom mange av politiavhøyra. Mitt inntrykk er at han er fullstendig inne i vrangførestellinga si, seier statsadvokat Inga Bejer Engh.

Rettssaka går som planlagt

Rettssaka mot Behring Breivik startar den 16.april 2012. Då vil heile rapporten bli lagt fram for open rett.

Behring Breivik vil bli informert om konklusjonen i undersøkinga av sine forsvararar i løpet av dagen. Han har tidlegare uttalt til advokatane at han fryktar eit karakterdrap i rapporten.

– Rettssaka vil gå som planlagt, så sånt sett endrar ikkje erklæringa på nokon ting, men kva ein kjem til å prosedera på er forskjellig, seier rettspsykiatar Pål Grøndahl.

Ifølgje statsadvokat Svein Holden er det usannsynleg at psykose-diagnosa vil ha innverknad på utforminga av tiltalen mot Behring Breivik.

– I denne saka står me overfor så alvorlege kriminelle handlingar at det ikkje vil påverka korleis tiltalen blir sjåande ut, seier Holden.

Til psykiatrisk sjukehus

Den terror-sikta 32-åringen blir truleg overførd til tvinga helsevern på Dikemark psykiatriske sjukehus i Asker når dommen har falle. Dette er eitt av dei tre sjukehusa i Noreg med høgast tryggingsnivå.

– Desse avdelingane har eit strengt regime og er på ingen måte ei lausare form for soning enn fengsel. Sikringa vil vera så god at det ikkje er mogleg å rømma, fortel Kjersti Narud, som er spesialist i psykiatri ved Kompetansesenteret for tryggings- fengsels- og rettspsykiatri.

Ifølgje Narud vil kvardagen for Behring Breivik bli nesten lik på ei psykiatrisk tryggingsavdeling som i fengsel.

– For han vil nok tilværa fortona seg som ganske lik. Den største forskjelen er at det her er fagpersonell som kan gje han behandling som ikkje fengselsbetjentar gjer, seier spesialisten.

Overlege og psykiatri-spesialist Kjersti Narud

Overlege og psykiatri-spesialist Kjersti Narud.

Foto: Privat
Synne Sørheim og Torgeir Husby

Rettspsykiatranae Synne Sørheim og Torgeir Husby har vurdert om Anders Behring Breivik er strafferettsleg tilrekneleg eller ikkje.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

– Breivik har sakna slike samtalar

Dei sakkunnige, rettspsykiatrane Torgeir Husby og Synne Sørheim fekk i slutten av august mandat frå retten til å vurdera psyken til den terrorsikta Behring Breivik, som 22.juli drap 77 menneske i Oslo sentrum og på Utøya.

Behring Breivik har, i avhøyr og i sitt såkalla manifest, forklart at han utførte massedrapet «fordi det var nødvendig» for å redda Noreg og Europa frå «islams ondskap».

Spørsmålet dei sakkunnige skulle finna svar på var om Behring Breivik er psykotisk i strafferettsleg forstand. Resultatet er ein dokumentbunke på 230 sider - truleg den lengste rettspsykiatriske rapporten i noregshistoria.

Grunnlaget for konklusjonen er blant anna over 130 timar med politiavhøyr, observasjonar og 13 samtalar på totalt 36 timar som Husby og Sørheim sjølve har hatt med Behring Breivik.

I grundige dybdesamtalar har dei spurt terroristen om barndom, oppvekst, skulegang, arbeid og relasjonar.

– Samtalane har gått greitt. Han er veldig samarbeidsvillig og interessert i å snakka. I den siste samtalen, som eg hadde med han i førre veke, sa han at han sakna å ha slike samtalar, seier rettspsykiatar Husby.

Husby og Sørheim har også saumfart den medisinske historikken, inkludert alarmerande psykolog- og barnevernsrapportar frå den gongen Behring Breivik var fire år.

Retten har siste ordet

Erklæringa frå rettspsykiatrane er ei tilråding, det er opp til retten å ta den endelege avgjerda om Behring Breivik er tilrekneleg og kan bli straffa, eller ikkje.

Men det er i Noreg sterk tradisjon for at retten følgjer det faglege rådet frå dei sakkunnige. Rapporten vil difor bli avgjerande for den endelege straffeutmålinga i rettssaka, som startar 16.april 2012.

Neste steg er no at Den rettsmedisinske kommisjonen skal gjera ein sjølvstendig gjennomgang av rapporten.

Dei kan be om ytterlegare kommentarar eller utgreiingar frå dei sakkunnige, men 80 prosent av slike rettspsykiatriske erklæringane får godkjentstempel av kommisjonen utan merknader.

Kommisjonen sitt arbeid vil truleg vera ferdig rundt jul.


AKTUELT NÅ