Hopp til innhold

Berlusconi opnar for Mario Monti

Italienske aksjekursar gjekk markant opp i føremiddag etter at Silvio Berlusconi ser ut til å opne for at Mario Monti kan overta som statsminister i landet.

Det kan vere duka for Mario Monti som italiensk statsminister.

Mario Monti er klar til å ta grep som leiar for ei italiensk overgangsregjering.

Foto: FRANCOIS LENOIR / Reuters

I går utnemnde president Giorgio Napolitano Mario Monti til senator på livstid, noko som blir sett som eit teikn på at presidenten meiner Monti er rette mannen til å leie ei italiensk overgangsregjering.

 Silvio Berlusconi

Silvio Berlusconi kan ha gitt opp kravet om at hans etterfølgjar som statsminister skal kome frå Berlusconis eige parti, PDL.

Foto: VINCENZO PINTO / Afp

Silvio Berlusconi, som tidlegare denne veka varsla sin avgang, har tidlegare stått hardt på at etterfølgjaren må vere frå hans eige parti PDL,. Angelino Alfano skal ha vore den avtroppande statsministeren sin favoritt.

Utan politisk binding

I dag tyder alt på at Berlusconi har gitt opp kravet om at ein ny statsminister skal kome frå hans eige parti, og det opnar for teknokraten Mario Monti, som ikkje har bindingar til dei politiske partia eller fløyene i Italia.

68 år gamle Monti er ein høgt respektert økonom, som tidlegare har vore konkurransekommissær og kommissær for den indre marknaden i EU. Han er no toppsjef ved prestisjeuniversitet Bocconi i Milano.

PDL-partimedlemer som deltok på eit møte i presidenten sin residens i Roma i går kveld seier til det italienske nyheitsbyrået Ansa at Berlusconi gjorde det klart på møtet at det blir vanskeleg å unngå ei Monti-regjering.

Giorgio Napolitano

President Giorgio Napolitano ser ut til å gå inn for Mario Monti som ny italiensk statsminister.

Foto: KURT DESPLENTER / Afp

Dette for at Italia skal unngå skal hamne i ein situasjonen med politisk limbo, altså fullstendig stillstand, på grunn av manglande styring. Den italienske økonomien er i alvorleg krise, og det hastar med å få gjennomført tiltak som kan gi andre land tilbake tilliten til landet sin økonomi.

LES OGSÅ: Kan Monti mane Italia til ro?

LES OGSÅ: Kan han mane Italia til ro?

Høg gjeld og høg rente

Italia har ei gjeld på 1900 milliardar euro. 10-årsrenta på italienske statsobligasjonar er no godt over sju prosent, og det er truleg over smertenivået for kva landet greier å handtere. Det er alvorleg frykt for at Italia kan bli det nye Hellas.

Storbritannias statsminister David Cameron sa i dag at Italia representerer ein klar fare for eurosona.

– Det som skjer i Italia er ei åtvaring til alle land og alle regjeringar om kor viktig det er med ein truverdig plan for handtering av gjeld og underskot, og kor viktig det er å halde seg til den planen, sa Cameron i ein tale i London.

Storbritannias statsminister David Cameron.

– Italia utgjer ein fare for eurosona, seier Storbritannias statsminister David Cameron.

Foto: Michel Spingler / Ap

Dette illustrerer det hastverket Italia har med å få sett saman ei handlekraftig regjering, som kan ta tak i dei økonomiske problema. Berlusconi har sagt at han vil gå av straks parlamentet har vedteke dei økonomiske reformene EU har kravd at Italia skal gjennomføre.

LES OGSÅ: IMF-sjef advarer om «tapt tiår» i verdensøkonomien

LES OGSÅ: Italias lånerente galopperer

– Intern strid i PDL

Dersom Silvio Berlusconi gir si støtte til ei samlingsregjering under leiing av Mario Monti, kan det skape strid internt i partiet hans PDL. Og det kan skape vanskar for partiet fram mot eit eventuelt nyval neste år.

Dei mest pessimistiske kommentatorane i italiensk presse fryktar at det kan trekkje i langdrag før Berlusconi går av. Italia-ekspert Simen Ekern sa det slik i går:

– Dei trur han har pønska ut ein plan for å bli sitjande til det blir skrive ut nyval for å øydeleggje for opposisjonen sitt ynskje om å opprette ei meir upolitisk overgangsregjering, sa han.

LES OGSÅ: – En veldig talentfull og ekstremt kynisk maktpolitiker

LES OGSÅ: Berlusconi mistet flertallet i parlamentet

SISTE NYTT

Siste nytt