Hopp til innhold

Reparerte punktering med sjokoladepapir

Tor Halvor Bjørnstad vann den 11 mil lange Ultrabirken mellom Rena og Lillehammer. For å greie det måtte han bruke søppel til å reparere eit punktert dekk.

Tor Halvor Bjørnstad

Tor Halvor Bjørnstad vann den 11 mil lange Ultrabirken.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

– Løypa hadde to forskjellige vegval, og det var litt vanskeleg å sjå. Da hamna eg oppe i ei steinrøys i litt for stor fart, og fekk ei flenge i dekket.

Les også:

Slik skildrar Tor Halvor Bjørnstad hendinga som førte til at han punkterte og mista leiinga i Ultrabirken inne på fjellet. Med slangelaust dekk er det ikkje lett å reparere, men den snartenkte syklisten visste råd.

– Eg trykte i meg ei sjokolade, og brukte papiret til å dekke hòlet med, slik at det vart tett. Det fungerte fint, så moralen må vere at det er lurt å ta med seg søppelet ned frå fjellet, gliser Bjørnstad.

Tor Halvor Bjørnstad

Tor Halvor Bjørnstad viser fram flenga som han reparerte med sjokoladepapir.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

2500 høgdemeter

Ultrabirken er rittet for dei hardaste av dei harde, dei som tykkjer at det vanlege Birkebeinerrittet er for kjedeleg og lite utfordrande. Dei 500 deltakarane sykla i alt 110 kilometer, med ei samla stigning på til saman 2500 meter.

– Det var fint å sykle, og temperaturen var behageleg. Den einaste utfordringa var å finne løypa, så eg måtte snu ein gong, utanom det var det ein super tur, seier Tor Halvor Bjørnstad.

Den tidlegare skiskyttaren brukte 5 timar og 21 minutt på den knalltøffe turen frå Rena til Lillehammer. I fjor sykla han fyrst Ultrabirken, før han deltok i eliteklassa i Birkebeinerrittet laurdag.

– Det vart litt i overkant, og blir ikkje aktuelt i år. Det er rittet i dag eg har trena for, og det er det siste i sesongen for meg, seier Tor Halvor Bjørnstad.

Flere saker fra Innlandet