Det er ofte Ringerike fengsel som tek imot dei verste forbrytarane, men ifølgje VG er det uaktuelt i Behring Breivik sitt tilfelle.
Fengselet har nemleg utsikt over Tyrifjorden i nærleiken av Utøya, der massedrapsmannen kaldblodig skaut og drap 68 menneske fredag 22.juli.
- LES OGSÅ: Vanskelig å dra tilbake til Utøya
- LES OGSÅ: Flukten fra Anders Behring Breivik
– Etisk forkasteleg
Styresmaktene har vurdert ulike fengsel for Behring Breivik, og falle ned på Ila fensel i Bærum som ein passande forvaringsanstalt.
Forbundsleiar i Kriminalomsorgens yrkesforbund, Knut Arne Svenkerud seier til VG at han meiner vurderinga er riktig.
– Det ville vore etisk forkasteleg å ha han på Ringerike, der han vil ha utsyn over Tyrifjorden, seier Svenkerud.
- LES OGSÅ: Breivik fengsles i åtte uker
Utfordring for Ila
I likskap med Ringerike har også Ila fengsel lang erfaring med å ta hand om fangar som står bak grufulle ugjerningar.
Å ta imot Behring Breivik blir likevel ei utfordring, ifølgje fengselsdirektør Knut Bjarkeid.
– Denne udåden rører ved kvart eit menneske, også meg og våre tilsette. Dette oppdraget set profesjonaliteten vår på prøve. Me må ta vare på han på ein humanistisk møte, seier Bjarkeid til VG.
- LES OGSÅ: Terroraksjonen var «plan B»
Fryktar sjølvmordsforsøk
Ifølgje fengselsdirektøren førebur dei tilsette ved Ila fengsel seg no på å møta den terror-sikta massedrapsmannen andlet til andlet. Tilgang på prest, psykolog og helsepersonell skal gjera det lettare for fengselsvaktane å handtera oppdraget.
Behring Breivik vil bli plassert i ei isolasjonscelle åleine. Inne på cella finst berre seng, toalett, bord og stol. Alt som kan brukast til sjølvskading er fjerna.
– Dei tilsette vil vera veldig vare med å sjå etter teikn på at han vil skada seg sjølv, seier Svenkerud i Kriminalomsorgen til VG: