Hopp til innhold

Kan ha funne Norges eldste vrak

Dykkarar har funne gjenstandar som kan stamme frå vikingtida på havbotnen i Ulvøysund midt i Blindleia på Sørlandet. Truleg er det snakk om eit av dei eldste vrakfunna i Norge nokon gang.

Video Spesielt vrakfunn i Blindleia

VIDEO: Bli med dykkerne på jakt etter gjenstander fra et vrak i Blindleia.

Pål Nymoen

Forskar Pål Nymoen

Foto: Espen Bierud/NRK
Fann slipestein i Ulvøysund

Nymoen studerer ein av slipesteinane som er funne.

Foto: Espen Bierud/NRK

– Det er heilt tydleg eit forlis som har skjedd i innseglinga til Ulvøysund, som er ei trygg havn. Dei har sikkert komme over Kvåsefjorden eller inn frå sør over Skagerrak og bomma med nokre meter på sundet, seier forskar ved Norsk Maritimt Museum, Pål Nymoen til NRK.no.

Over 600 år

Dykkarar har allereie vore ned fleire gonger. Det er allereie funne gjenstandar som kan vere over 600 år gamle. I helga var dei på nytt ned i djupet, og dei kom heller ikkje denne gangen tomhendt opp igjen.

– Det er ingen moderne glasflasker eller potteskår eller noko slikt i funnstaden. Men vi har funne reinsdyrgevir. Det tykkjer vi ser spennande ut, seier Nymoen.

– Reinsdyrgevir veit vi har vore eksportvare for Norge både i vikingtida og i middelalderen. Det vart brukt til å lage kammar, knappar og små verktøy, seier han.

Det er også funne 24 slipesteinar på staden.

Skal analyserast

Gjenstandane vert no sendt til Oslo for analyse. Forskaren trur at analysane vil vise at dette er eit av dei eldste vrakfunna som er gjort i sjø her i landet.

– Det er yttarst få slike forlis som er kjent. Steinvarer forsvinn jo ikkje frå sjøbotnen. Treverk vert jo ete opp og blir borte, seier han forskaren.

– Dette kan setje oss på sporet av dei verkeleg gamle forlisa. Det er segla vikingskip også i denne leia her. Det at vi finn slike steinlass er fascinerande tykkjer eg, legg han til.

Fann reinsdyrhorn i skipsvrak

Dykkarane tok med seg eit reinsdyrgevir frå djupet.

Foto: Espen Bierud/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %