I den dramatiske innspurten i 1982 blei staven knekt i to. Om det var Alexander Savjalov sine ski som førte til uhellet, eller om det var megakreftene til Oddvar Brå, har ingen gitt noko svar på til no. Men dei to delane har levd kvart sitt liv, heilt til den øvre og den nedre delen blei kobla til kvarandre i dag. No er begge delane plassert i ein monter på skimuséet i Holmenkollen.
Begge delane blei tekne vare på
Den eine delen blei teken vare på at Magne Bergset i Fræna. Den andre delen blei teken vare på av Olav Høiås, som var i leiarteamet i skiforbundet. Oddvar Brå var storfornøgd då han fekk sjå Noregs mest berømte stav igjen.
– Det er 29 år sidan sist eg såg heile staven. Den øvste delen ser eg igjen for første gong i dag. Det vekkjer litt kjensler å sjå staven heil igjen. Dette var kjempeartig, seier Oddvar Brå.
– Eg tykkjer det er morosamt at dei to delene av staven no har kome saman igjen. Det har jo vore fabelaktig moro å høyre historia rundt den nedre delen av staven. Dette er eit av bevisa frå ein av dei mest dramatiske augneblinkane i Norges Skiforbund si historie, seier Olav Høiås til NRK.
– Symbol på kreftfri son
Familen Bergset frå Fræna i Møre og Romsdal fortel ei rørande historie om bakgrunnen for at dei fekk fatt i den nedre delen av staven. Han og kona var i Oslo i samband med at sonen var kreftsjuk. Alle tre blei invitert til Holmenkollen under stafetten.
– Vi fekk stå heilt framme ved gjerdet. Då eg såg at Oddvar Brå brakk staven hoppa eg berre over gjerdet. Eg ville berre ha tak i stav-biten. Eg tenkte ikkje meir der og då. Men dette blei Noregs mest berømte skistav, og for oss er dette eit symbol for sonen vår, som blei 100 prosent kreftfri, seier Magne Bergset.
– Staven kunne vere prov i protestsak
Olav Høiås, som var i skiforbundet, hadde ein litt annan bakgrunn for å sikre seg skistaven. Han sto litt lenger oppe i løypa, der Oddvar brå fekk løyst den øvre delen av staven frå hansken.
- Eg sto ganske sentralt på toppen av Brå-bakken, då Savjalov og Oddvar kom i den forrykande innspurten. Brå kasta frå seg den øvste delen, og eg tenkte eg ville ta med meg staven, i tilfelle han kunne brukast som prov i samband med ein eventuell protest, seier Olav Høiås.