Hopp til innhold

Buddhistisk førjulstid for kronprinsfamilien

Kronprinsfamilien ladar opp til jul blant buddhistiske munkar langt ute på landsbygda i Dzongu, nordaust i India. Men nokre heimlege tradisjonar er likevel med i julefeiringa under fjerne himmelstrøk.

NRK møtte kronprinsfamilien i Dzongu i delstaten Sikkim, nordaust i India.

– Det blir julegåver. Og så har mamma sendt med julekaker og det gler eg meg sånn til, ler kronprinsesse Mette Marit.

Ho venter på det påtroppande vaktlaget frå den kongelege eskorte. Dei kjem nemleg med juleoverraskingar frå mor i Kristiansand.

– Det kjem litt heimefrå, frå besteforeldre på begge sider, seier kronprins Haakon, som veit at Dronning Sonja har sendt julestrømper med til barna.

Nokre tradisjonar blir det aldri slurva med i kongefamilien.

(Saka held fram under videoen.)

Video Kronprinsfamilien i India

Sjå intervjuet med kronprins Haakon og kronprinsesse Mette Marit.

Spesialløyve for å reise inn i Dzongu

Dei kongelege globetrottarane har vore på farta i ein månad. Ferda starta i Istanbul i Tyrkia, der Hagia Sofia var det store målet.

Så gjekk reisa austover. I India har dei mellom anna besøkt Jodphur og no Sikkim, det tidlegare kongedømet som i 1975 vart den 22. delstaten i India.

Dzongu er eit verna område for urfolket Lepcha i delstaten Sikkim nordaust i India. Dalføret ligg ved foten av Himalaya og grensar mot Tibet i nord, Nepal i vest og Bhutan i aust. Det bur rundt 7000 menneske i Dzongu.

Lepcha-folket har framleis naturalhushald og lever av det dei dyrker sjølve.

Ein må ha spesialløyve for å kunne reise inn i Dzongu. Området vart opna for turistar for få år sidan. Det finst ingen hotell, men nokre familiar har opna heimane sine for såkalla «homestay», der reisande kan bu og ete med familiane.

Enkle kår

– Vi fann ein familie som hadde «homestay» så vi kunne bu heime hos familien. Vi valde å gjere detm, og det har vore utruleg fint, seier kronprinsesse Mette-Marit om kvifor dei valde å reise til Dzongu.

Dalføret ligg ei strabasiøs bilreise opp i fjella. Ved foten av mektige Himalaya bur urfolket Lepcha i dette verna området.

Her lever folk av det naturen gir, og alle besøkande må legge hotellkomfort til side og leve på same enkle måte som innbyggjarane. Dette er ein skarp kontrast til den luksusen kronprinsfamilien har opplevd på andre delar av reisa.

– Vi har vore og sett på mange flotte slott og fine turistdestinasjoner, og så har vi òg eit ønske om å lære meir om korleis folk lever her. Det gjer at vi kan kome nærmare inn på kvardagen til vanlege indarar og at vi lærer litt meir om korleis det er å leve og bu her, og korleis verda artar seg for indarar flest, seier kronprins Haakon.

Dei presenterer seg som Mette og Haakon, men blir tekne imot som dei kongelege dei er overalt. Når dei kjem til morgonbøna i det lokale buddhistiske klosteret, helser hovudmunken dei med fargerike khada, sjal som viser at gjestene er hjarteleg velkomne.

– Trivst som lærar

Familien har reist i muslimske, hinduistiske og buddhistiske område. Religion og livssyn har difor fått ein naturleg del i heimeundervisninga kronprinsparet må gjennomføre under reisa.

– Greier de å kombinere ferieopplevingar med å undervise barna slik målet var?

– Ja, det vil eg seie vi har gjort. Kronprinsen har gjort ein utruleg god jobb. Eg har òg vore med, men kronprinsen har vore veldig, veldig flink. Marius hadde tentamen i forgårs. Han hadde norsktentamen, og det gjekk bra.

– Og kronprinsen trivst som lærar?

– Ja, veldig godt. Kjem godt inn i pensum, seier kronprins Haakon og ler.

Kronprinsparet meiner reiseopplevingane gir barna innblikk i korleis folk lever forskjellig i verda.

– Vi får eit praktisk innblikk i religion. Det er veldig lett å lese seg til ting, men når du får eit praktisk innblikk så får du ei større heilskapleg forståing av det som eg tykkjer har vore veldig spennande og fin. Vi har vore med på ein del, spesielt buddhistiske seremoniar som eg synest har vore veldig spennande og veldig lærerike.

Hemmeleg julefeiring

– Veldig mange heime i Norge lurer på kvar de skal feire jula?

– Det har vi ikkje lyst å seie noko om sidan det ikkje er jul enno. Men vi kjem i alle fall til å ha ein annleis julekveld enn det vi vanlegvis har, seier kronprins Haakon bestemt.

Korkje han eller kronprinsessa vil seier noko om reiseruta vidare. Bortsett frå at dei gler seg.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt