Hopp til innhold

- Vår Herre hadde ein nydeleg dag på jobb då han skapte dette

Hjørundfjorden er for alvor i ferd med å ta tilbake rolla som eit stort turistmål. Fjorden har lenge vore i skuggen av mellom anna Geiranger.

Video Stor turistsatsing i Hjørundfjorden

Storslått og superflott natur seier turistane som kjem. Sjå video.

Fleire aktørar satsar stort for å gjere Hjørundfjorden attraktiv for turistane.

Rekkedal Gjestehus

Rekkedal Gjestehus satsar på god mat og opplevingar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Rekkedal Gjestehus i Bondalen er ei av fleire bedrifter som gjennom eit to-årig satsingsprosjekt, skaper aktivitetar og opplevingar for turistar frå inn- og utland. Lokalprodusert mat og gode historier er konseptet på Rekkedal.

Samarbeid viktig

Marianne Øye-Mork

Marianne Øye-Mork rosar samarbeidet i regionen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Hotel Union på Øye utfyller opplevingane frå gjestehuset i Bondalen. Hotellet har sidan 1880-åra vore lokomotivet i reiselivet i Hjørundfjorden og er sjølvsagt med på oppturen i turismen. Samarbeidsprosjektet betyr mykje seier Marianne Øye-Mork som er direktør på Hotel Union.

- Samarbeidet mellom bedriftene er positivt for alle sjølv om vi er konkurrentar, seier Øye-Mork. Alle får ringverknader av kvarandre og vi er alle gode samarbeidsparnarar.

Utbygging i småskala

Kjetil Aarseth

Småskalautbygging er tingen meiner Kjetil Aarseth.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Kjetil Aarseth er Produkt- og destinasjonsutviklar for Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.

- Vi har satsa rett ved å bygge ut i småskala og gi turistane unike opplevingar som varer lenge.

Og tilbakemeldingane frå gjestane har vore overstrøymande.

Naja og Lars Winding

Naja og Lars winding skryter uhemma av opplevingane.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

- Vi har ikkje prøvd noko slikt før. Difor synes vi det er heilt utruleg. Naturen er storslått og superflott! seier Naja og Lars Winding. Vi skal nok prøve å selje dette også viss vi kjem oss heim att...