Hopp til innhold

Sakte fart på svineinfluensaen

Svineinfluensaen spreier seg langt tregare enn styresmaktene hadde venta.

Avdelingsoverlege, Anne Kathrine Nore, sammen med lege Nils Tovsrud på legevakten i Oslo.

Avdelingsoverlege, Anne Kathrine Nore, og lege Nils Tovsrud er nøye med hygienen ved legevakta i Oslo.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Over ein million nordmenn skulle i desse dagar vere smitta, men fram til i dag er berre 1155 tilfelle stadfesta.

Ifølge Helsedirektoratet, kan opp mot 10.000 personar vere smitta, men talet er uansett veldig mykje lågare enn det dei hadde trudd.

Les også: Første H1N1-dødsfall bekreftet

Les også: Spår eksplosiv influensa-økning

Lite trykk

Ved Legevakta i Oslo blir færre kontrollert for svineinfluensa enn tidlegare i sommar.

Overlege Anne Kathrine Nore viser fram eigne rom som er oppretta for pasientar med svineinfluensa. Det er mange ledige stolar i dei avskjerma lokala.

- Her ser du venterommet for barn, og som du ser så er det heilt tomt. I dag er trykket lite, fortel ho.

Dette står i sterk kontrast til prognosane til norske helsestyresmakter i juli. Då vart det sagt at over ein million nordmenn kunne vore smitta denne månaden.

Bomma ikkje

Helsedirektør Bjørn-Inge Larsen vil likevel ikkje innrømme at spådommane var eit bomskot.

- Alle land tenkte det kunne kome ei bølje i samband med at turistar tok med seg influensavirus heim, men det skjedde ikkje, konstaterer han.

God hygiene kan også vere forklaring på at smitteboomen lar vente på seg.

- Folk har vore veldig flinke til å unngå å smitte vidare. Dei som har vore sjuke har lytta til råda vare om å halde seg heime og inne og ikkje smitte dei som er rundt seg, seier Larsen.

Ingen avlysning

Helsedirektøren vil vurde om ein skal endre anbefalingane om at folk skal halde seg heime i sju dagar om dei føler dei har fått svineinfluensa, men han vil ikkje avblåse pandemien.

- Vi ventar framleis at opp mot 1,5 millionar nordmenn vil bli smitta, seier han.

Les også: - Problematisk sjudagersregel

Les også: Svin(e)aktig lett å få fri

AKTUELT NÅ