Det vert sett i verk stadig nye tiltak mot svineinfluensa. Antibakterielle produkt står lett synleg i alle butikkar og dei kan kjøpast i alle tenkjelege variantar.
Men ifølgje overlege Hans Blystad ved Nasjonalt folkehelseinstitutt treng vi ikkje antibakterielle midlar så lenge vi berre har tilgang på vanleg vatn.
- Vanleg handvask er vanlegvis vel så bra, og godt nok i den vanlege, personlege hygienen.
- Har ikkje stor verknad
Tidlegare i dag melde NRK at dei store matvarekjedene ICA og Meny no mellom anna
, på grunn av smittefaren ved slike tilbod. Samstundes ber arbeidsorganisasjonen HSH medlemmene sine om å kutte ut matservering ved møte.Dette meiner Blystad er å dra det litt langt.
- Desse tiltaka har nok ikkje så stor verknad på influensaepidemien. Men det er viktig at folk engasjerer seg. Vi har jo eit sosialt fellesansvar for å prøve å avgrense denne epidemien så godt som mogleg, seier han.
Tre enkle råd
Bodskapen frå Blystad er at det ikkje finst nokon grunn til å avgrense sosial omgang eller kutte ut matservering. Det er heilt andre, og veldig enkle grep som skal til:
- Jamnleg handvask med såpe og vatn.
- Ikkje host eller nys på andre.
- Hald deg heime derom du er sjuk.
- Tek vi desse enkle hygieneråda, så kan vi forhalde oss til kvarandre slik vi har gjort før, seier overlegen.