Hopp til innhold

Jagland optimist trass utsetjing

Europarådet utset valet av ny generalsekretær, men Thorbjørn Jagland trur ikkje det svekkjer hans kandidatur.

Stortingspresident Thorbjørn Jagland

Thorbjørn Jagland trur ikkje hans kandidatur er svekt.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Det var venta at valet skulle skje i morgon.

Den hardaste konkurrenten til det prestisjetunge vervet er den tidlegare polske eks-statsministeren Wlodzimierz Cimozewicz.

No ynskjer eit fleirtal i Europarådet i Strasbourg å ha fleire kandidatar å velje mellom.

Roleg Jagland

Thorbjørn Jagland seier i ein kommentar at han tek utsetjinga med stor ro, og at han trur utsikta til å få den internasjonale toppjobben er styrkt. Han trur ikkje det vil dukke opp nye kandidatar.

- Avrøystinga i dag endrar ikkje realitetane. Eg har meir enn to tredelar av regjeringa (ministerrådet) bak meg, og fleire seier at 80 prosent av parlamentarikarane støttar mitt kandidatur. Men dei ville markere misnøye med at deira eigne kandidatar vart fjerna frå lista til ministerrådet, seier han til NTB.

Leiaren for den norske delegasjonen i Strasbourg, Per Kristian Foss frå Høgre, trur heller ikkje det er realistisk at det vil kome nye kandidatar. Han trur også at mange støttarJagland, men at utsetjinga er ein protest mot ministerrådet, og ikkje mot nordmannen.

Brot på regelverk

Det var sekretariatet i Europarådet som foreslo å stryke valet frå dagsorden i morgon. Grunnegjevinga er at ministerrådet har brote regelverket under arbeidet med å setje saman kandidatlista.

Briten Terry Davis går av i september, og parlamentarikarforsamlinga skal etter statuttane velje etterfølgjaren under sesjonen før dette. Det betyr at den nye generalsekretæren skal veljast i løpet av sommarsesjonen, som starta i dag.

Nye kandidatar

Fleirtalet meiner at Ministerrådet har gjort dette umogleg, og at forsamliinga såleis var i sin fulle rett til å utsetje valet i vente på nye kandidatar.

Jagland trekkjer seg frå Stortinget og vervet som stortingspresident til hausten.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre skal i kveld ha ei større mottaking i Strasbourg for å styrkje Jagland sitt kanditatur.

LES OGSÅ:


AKTUELT NÅ