Hopp til innhold

Noreg best i Europa på arbeid

Noreg har den beste arbeidsmarknaden i heile Europa. I Sverige er det motsett.

Arbeider, illustrasjonsfoto
Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Ei internasjonal undersøking viser at langt fleire norske arbeidsgivarar skal tilsette enn nedbemanne dei neste månadane.

Undersøkinga, som er gjort blant 70.000 arbeidsgivarar i 34 land, viser at kvar femte norske arbeidsgivar planlegg å tilsette fleire dei neste månadane.

Berre fem prosent tenkjer å nedbemanne.

Offentleg sektor

Ifølgje konsernsjef Maalfrid Brath i Manpower, er det offentleg sektor med helse-, barnehage- og skuletilsette som sørgjer for at Noreg kjem best ut av undersøkinga.

Også innanfor finans, forsikring og eigedomsmekling kjem vi godt ut.

40.000 svenskearbeidarar

Men hos «søta bror» går det ikkje like bra. Det er venta at arbeidsløysa vil stige til ti prosent, og ifølgje NAV arbeider i dag 40.000 svenskar her til lands.

– Sverige har ein industri som blir spesielt råka av dei dårlege tidene, spesielt innanfor bilindustrien. Det fører til at ein del søkjer arbeid i Noreg, seier Stein Langeland, statistikksjef i NAV.

- Få jobbar i Sverige

Ei som prøver lukka i Noreg er Victoria Haglund Halmstad.

Ho har flytta frå Sverige for å jobbe på Hennes og Mauritz i Oslo sentrum.

– Det er veldig få jobbar for unge i Sverige, spesielt for dei utan utdanning, seier ho, og legg til at ho har 25 kroner meir i timen i Noreg enn i Sverige.

Ein rapport frå OECD ved årsskiftet viser at arbeidsløysa er spesielt høg blant svenske ungdommar med låg utdanning. Berre Island var verre stilt av OECD-landa.


AKTUELT NÅ