Hopp til innhold

Mislukka hjelp til rusmisbrukarar

Regjeringa har ikkje nådd eige mål om å hjelpe bustadslause, viser evalueringa av ei satsing som skulle få fleire inn i eigen bustad.

husløs
Foto: Illustrasjonsoto:Flickr/Franco Folini

Halvparten av måla er ikkje nådde, ifølgje evalueringa.

Mange kommunar fekk heller fleire heimlause og færre kommunale bustader.

Arnt er ein av 6100 heimlause i Noreg.

- Eg bur hos ein kamerat i ei veke til. Etter det blir det truleg i en park, eg har telt og sovepose. Ideelt, nei. Men må ein, så må ein, seier Arnt.

Flust med pengar

Frå 2005 til 2007 skulle regjeringa satse ekstra på å få fleire inn i eigen bustad. Men Line Eikenes i Rusmisbrukernes interesseorganisasjon meiner satsinga var mislukka.

- Det har vore flust med pengar. Då er det eit stort problem at vi brukar masse pengar, men at få av dei pengane når fram til dei det gjeld, seier Eikenes.

Målet om å redusere utkastingar vart ikkje nådd, og i enkelte kommunar vart derimot talet på folk som vart kasta ut av heimen sin fordobla.

Fleire kommunar fekk også færre kommunale bustader i samme periode som ein skulle satse på det motsette.

Nedprioriterte

Forskar ved Norsk institutt for by- og regionforsking, Evelyn Dyb, har evaluert satsinga, og meiner dei heimlause vert nedprioriterte.

- Ofte er det eldsjeler i kommunane som jobber for at ein skal få tiltak og tilbod til desse, men så når det ikkje alltid fram til det politiske nivået, seier Dyb.

Kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa innrømmer at tiltaka ikkje nådde fram.

- Nei, det er rett. Måla er langt ifrå nådde. Men her ligg svært verdifull røynsle som gjev grunnlag for å intensivere innsatsen i etterkant. Og det er ei heilt anna haldning no i mange kommunar, seier Kleppa.

Men før han får tilbod om tak over hovudet må Arnt ta til takke med sovepose og telt.

AKTUELT NÅ