- Ikkje noko å skryte av

CO2-utsleppa gjekk ned i 2008.
Foto: Jørn Norstrøm/NRKKlimagassutsleppa gjekk ned 2,2 prosent i fjor, men det er langt frå nok til å leve opp til vilkåra for Kyoto-avtalen.
Publisert 19.05.2009 11:06. Oppdatert 19.05.2009 15:17.
- Skriv ut
Dette går fram av førebelse tal som Statistisk sentralbyrå har laga i samarbeid med Statens forureiningstilsyn (SFT).
Nedgangen skuldast hovudsakleg reduserte utslepp i industrien og frå transporten utanfor vegtrafikken.
Finanskrisa

Kathrine Loe Hansen er seniorrådgjevar i SSB.
Foto: Holm, Morten/SCANPIXSeniorrådgjevar Kathrine Loe Hansen i seksjon for klimastatistikk ved Statistisk sentralbyrå seier at tala ikkje er noko å skryte av for det norske samfunnet.
- To tredelar av reduksjonen skuldast lågare økonomisk aktivitet som følgje av finanskrisa. Ein tredel skuldast innføring av ny teknologi, seier ho.
- Og det er god grunn til å tru at utsleppa igjen vil auke når økonomien kjem i full gang igjen, legg ho til.
Loe Hansen kan fortelje at utsleppa for 2008 ligg 7,4 prosent over målet for Kyotoprotokollen, som Noreg har skrive under på. Kyoto-protokollen gjeld frå 2008 til 2012, og det betyr at Noreg må ut og kjøpe kvoter i utlandet.
Biltrafikken
Biltrafikken er ei av dei verste kjeldene til utslepp av klimagassar, og ny og reinare teknologi har ført noko positivt med seg. Utsleppa har auka mindre trafikkveksten.
Likevel betyr dette lite i den store samanhengen.

Auken i utsleppa frå biltrafikken var mindre enn auken i trafikken i 2008.
Foto: Johansen, Erik/SCANPIXI 2007 var det altså kraftig vekst i klimagassutsleppa, men i fjor gjekk utsleppa ned med 1,2 millionar tonn CO2-ekvivalentar. I 2005 og 2006 var det også nedgang
Nedgangen i år skuldast mindre bruk av fossilt brensel, spesielt gjeld dette diesel og marin gassolje til skipsfart. Investering i miljøteknologi ved produksjon av mineralgjødsel var ein også ei* viktig årsak til reduserte utslepp.
Det er også langt opp til utsleppmålet for 2010, som er skissert i den såkalla Gøteborg-protokollen. Her er målet at Noreg skal vere nede i 156.000 tonn.
Industrien
Det er ikkje lenger industrien som er største utsleppkjelda. Klimagassutsleppa frå industrien gjekk med frå 14,7 millionar tonn i 2007 til 14,1 millionar tonn i 2008. Nedgangen på 3,7 prosent er først og fremst eit resultat av tidlegare investeringar for å redusere utsleppa av N2O ved produksjon av mineralgjødsel.
Dei førebelse utrekningane viser at utsleppa frå olje- og gassverksemda så vidt var høgare enn utsleppa frå industrien i 2008.
LES OGSÅ: Kritisk til norsk miljøpolitikk
LES OGSÅ: - Helt uten grønne ambisjoner
LES OGSÅ: Bensin- og dieselsalget faller
LES OGSÅ: Kritisk til norsk miljøpolitikk
Lenker
Klima - NRK Natur
- Sel på tynn is i Arktis
- Bergensere serverer klimabombe
- Mer nordlys til vinteren
- - Ikkje noko å skryte av
- Tror ikke vi klarer 2-gradersmålet
- Overrasket over pris til Solheim
- Slik var vinteren i «gamle dager»
- Krykkja dør uten lodde
- Trekkfugler bommer på årstidene
- Antarktis - det siste kontinent
- Arktis - klodens termometer
Klima og miljø
- Amerika-forurensing i Europa
- Vurderer kontroversiell bomavgift
- Fant søppelberg i naturperle
- Kan pålegge flyselskaper klimakvote
- Frp: – Durban-avtalen er en fiasko
- Stoltenberg: En god klimaavtale
- Norge raser på klimaranking
- Dødehavet tørka ut
- Biene kan være reddet
- Kalddusj for EU i Durban
- Tre grader varmere på 50 år

Stabilt for elever etter bilulykke
- Vi vil aldri anerkjenne Israel
