Hopp til innhold

Influensasmitta føler seg frisk

Oslomannen som i går fekk påvist svineinfluensa føler seg i dag frisk.

Helsedirektør Bjørn Inge Larsen og overlege Bjørn Iversen (t.v.) fra Folkehelseinstituttet

Helsedirektør Bjørn Inge Larsen og overlege Bjørn Iversen frå gårsdagens pressekonferanse.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

– Mannen føler seg frisk, men dei lokale helsestyresmaktene anbefalar at han held seg for seg sjølv nokre dagar til, opplyser Helsedirektør Bjørn Inge Larsen til nrk.no

Det var i går kveld ein mann og ei kvinne i 20-åra fekk påvist svineinfluensa etter å ha returnert til Noreg etter eit studieopphald i Mexico.

Les også: Svineinfluensa i Norge

– Den andre nordmannen som er smitta, ei kvinne frå Skien, er i dag også betre, seier helsedirektøren.

I ei pressemdling søndag kveld, skriv kommunalsjef for helse og velferd i Skien:

Kvinnen er i fortsatt bedring og får oppfølging av sin fastlege. Almenntilstanden er god. Hennes bror som hadde lettere influensasymptomer etter at søsteren kom hjem er i dag frisk og innsendte prøver på det aktuelle influensavirus er negative. Det vil si at han ikke har det aktuelle virus. Dette betyr at det iverksettes ingen ytterligere tiltak, og situasjonen følges opp i tråd med retningslinjer fra Folkehelseinstituttet.

Utviklingen i dette tilfelle passer med det bildet som tegner seg av at dette er en mild influensatype som vi ikke behøver å nære stor bekymring for.

Fleire studentar vender tilbake

I går kveld var det også mistanke om at eit familimedlem til ein av dei smitta hadde fått den frykta influensasjukdomen. Larsen seier eit endeleg svar på om vedkomande også er smitta, vil bli klart i morgon.

Fleire nordmenn studerer i Mexico, blant anna tek framleis 20 norske studentar fag ved Gateway college i Playa del Carmen på Yucatán-halvøya.

Mange av desse er venta å returnere til Noreg i desse dagar. Larsen seier skulane orienterer nordmennene om smittefaren.

– Men det har ingen hensikt for oss å ta prøvar av desse når dei kjem til Noreg. Utbrotet her til lands er så langt udramatisk, og vi ser på dette tidspunktet ingen fare for ein breiare smitte.

Les også: 1000 nye tilfeller på en dag

Aktuelt å endre reiseråd

Norske helsestyresmakter frårår framleis nordmenn om å reise til Mexico, men det er ikkje aktuelt med strengare restriksjonar etter at H1N1-viruset vart påvist i går.

– Det er snakk om ein mild variant av svineinfluensa, og utbrotet har vore mindre enn ein først frykta. Derfor vil vi neste veke drøfte om vi bør oppheve vårt offisielle råd om at normenn ikkje bør reise til Mexico.

Helsedirektøren understrekar likevel at dei tek den norske smitten på alvor, og at dei to studentane framleis er smitteberande.

Nytt tilfelle i Sverige

I Sverige er det andre tilfellet av svineinfluensa stadfesta i dag, skriv den svenske avisa Dagens Nyheter.

Ifølgje det svenske Smittskyddsinstitutet har den smitta, ein mann i 20-åra frå Stockholm, det bra etter tilhøva.

Mannen har nyleg vore på reise til New York, og kom heim til Sverige med influensasymptom. Han er feberfri og det er ingen fare for at han smittar andre.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger