Hopp til innhold

Kvart fjerde brød frå utlandet

Nesten kvart fjerde brød på norske matbord er baka i utlandet, viser ei fersk undersøking.

Brød

Kvart fjerde brød blir importert frå utlandet.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Brødimporten er firedobla dei siste åtta åra. No fryktar bakeribransjen konkursras og oppseiingar, skriv Nationen .

I oversikta får det fram at det i fjor vart importert brød til Noreg til ein verdi av 874 millionar kroner, noko som er ei firedobling sidan år 2000.

Sterk uro

Dagleg leiar i Bakeri- og konditorbransjens landsforening (BKLF), Anders Vangen, er sterkt uoa over utviklinga.

- Vi har alt merka at det har blitt fleire konkursar, og framtidsutsiktene er svært dystre, seier han.

I fjor vart det importert 116 millionar kilo bakarvarer til ein samla verdi av litt over 2,3 milliardar kroner. Vekstkurva har peika stadig brattare oppover, heilt sidan EØS-avtalen vart inngått tidleg på 1990-talet.

EU-land

Mesteparten av importvarene kjem frå EU-land, og nabolanda Sverige og Danmark står for neten halvparten av importen.

Samstundes er eksporten frå norske bakeri på same nivå som på 90-talet, og utgjer no under 10 prosent av importen.

Bakeribransjen sysselset rundt 7500 personar fordelte på rundt 400 små- og melllomstore bakeri rundt om i landet. I 2007 vart over 20 bakeri nedlagde, og dei gjenverande er i stadig større grad blitt ein del av større kjeder.

AKTUELT NÅ