Hopp til innhold

NHO vil doble kollektivtilbodet

Næringslivets Hovedorganisasjon ønskjer å doble kollektivtilbudet i rushtida.

Finn Bergesen
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Klikk på bildet for å se video.

I dag legg NHO-direktør Finn Bergesen jr. fram ein ambisiøs plan i ti punkt for korleis trafikk-Noreg kan møte den voldsomme veksten i folketalet fram mot 2030.

Dei neste 20 åra er det venta at innbyggjartalet vil auke med over 30 prosent i i fleire byområde.

- Vi vil doble kollektivtilbodet i dei største byane. I tillegg vil vi innføre rushtidsavgift, seier Bergesen.

Eigen kollektivplan

NHO vil også gjere slik at gratis parkering ved arbeidsplassen og månadskort får like skattevilkår. I dag er gratis parkering skattefritt, medan du må betala skatt viss arbeidsgivar betalar månadskortet ditt.

Bjørn Vidar Eikeland

Sjåfør Bjørn Vidar Eikeland i Tollpost Globe.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

- Vi føreslår ein eigen kollektivplan. Regjeringa bør også årleg løyve ein milliard ekstra til kollektivtiltak i dei seks største byane i tillegg til det som vert fastsett i Nasjonal transportplan.

- Ein annan kvardag

Målet for NHO er er at transporten skal bli billegare, at det skal bli lettare å koma fram og av CO2-utsleppa skal bli redusert.

Sjåfør Bjørn Vidar Eikeland i Tollpost Globe er van med å stå i kø bak alle privatbilane som skal inn og ut av Oslo morgen og kveld. Han meiner NHO-forslaga er på sin plass.

- Dette hadde ført til ein heilt annan kvardag. Det er ikkje mange bilar som skal bort for at trafikken flyt normalt.


AKTUELT NÅ