Solhjell får slakt for «kreativitet»

Ideen om eit kreativitet-fag er elendig, seier styreleiar for Samarbeidsforum for estetiske fag, Signe Kalsnes.
Foto: Tonje Grimstad/NRKLærarar rasar mot faget som skal famne alt frå dans til design.
Publisert 21.03.2009 17:06.
- Kommentarer
- Skriv ut
Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell får kraftig kritikk frå lærarane for at han vil byte ut grunnskulefaga "kunst og handverk" og "musikk" med eit nytt breiare fag kalla ”kreativitet”.
- Ideen er elendig. Dette er respektlaust overfor eigenarten til dei ulike faga, seier styreleiar for Samarbeidsforum for estetiske fag, Signe Kalsnes.
Viktige element
Kalsnes, er ikkje nådig i kritikken etter at Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell i dag lanserte det nye faget. Faget ”kreativitet” skal famne både dei gamle kreative faga i grunnskulen og fleire nye fagområde.
- Musikk, kunst og handverk skal framleis vere med. Det er viktige element, men det er dans, teater og design også. Eg trur eit breiare kreativitetsfag kan vere ein interessant inngang der mange elevar kan få utnytte talenta sine og leggje grunnlag for den spesialiseringa mange gjer seinare, seier Solhjell.
Rasande e-post
- Planane til kunnskapsministeren fell i svært dårleg jord hos lærarar innan estiske og kreative fag, fortel Kalsnes.
Ho har moteke ei rekkje rasande e-poster frå medlemmene sine.
- Det fyrste spørsmålet som melder seg er kven i all verda som har kompetanse til å undervise i dette faget, undrar ho.
Manglar kompetanse
Kalsnes meiner det blir umogleg å undervise i det nye faget.
- "Musikk" og "kunst og handtverk" har svært lite med kvarandre å gjere fagleg sett. Legg ein til "dans og drama" kjem ein inn på heilt nye område som krev eigen spesialkompetanse.
- Tenk deg eit fag der du slår saman matte, norsk og fysikk. Ein ville aldri tenke tanken. Dette er det reinaste sludder, slår ho fast.
(NRK)Sosialistisk Venstreparti
- Fredsaktivist blir ny statssekretær
- Spurt om å være statsråd
- Stoltenberg: Kabalen er ikke klar
- - Ap vil ha kunnskapsministeren
- Halvorsen:Vi reddet Norge fra Høyre
- Lover gratistimer i SFO
- Beklager overfor de fattige
- Rød kritikk av SVs krigsmotstand
- - Våre velgere fikk bra valuta
- Kristin Halvorsen sistemann ut
- Mister all miljøtroverdighet


– Munch-siktet jobbet på Stortinget
Mutert virus smitter mellom folk






