11.02.2012

Brotne valdtektsløfte

Krisesenter (Foto: Colourbox.no)

Gode tiltak som skal betra liva til valdtektsoffra ligg i departementet. Meir enn eitt år etter Valdtektsutvalet la fram utgreiinga «Fra ord til handling» er orda framleis berre ord, seier tidlegare utvalsleiar.

- Til no har det berre vore frå ord til ord, seier Rita Sletner.

24. januar i fjor avslutta utvalet arbeidet sitt og overleverte utgreiinga «Fra ord til handling» til justisminister Knut Storberget.

- Eg har dårleg tid når det gjeld denne typen kriminalitet, sa Storberget den gongen. Han ville styrkja hjelpeapparatet og få bukt med mørketala.

Men eitt år etter er dei fleste framlegga framleis ikkje sette ut i livet.

- Eg hadde aldri trudd at eg skulle sitja eitt år etter, å vera lei meg på vegner av valdtektsoffer i Noreg, seier Rita Sletner. Det er ei rar kjensle, når ein veit at ein har levert ein NOU med mange godt tiltak som kunne gjeve folk eit heilt anna møte med politiet, rettsapparatet og mottaka.

Rita Sletner (Foto: Anders Brekke/NRK)

Talet på melde valdtekter stig

På 15 år er talet valdtekter som vert melde til politiet tredobla. I 1993 vart 368 valdtekter melde, i 2008 var talet oppe i 949.

- Det høyrest tilsynelatande bra ut, men når ein veit at estimatet på valdtekter i året er mellom 8.000 og 16.000 så er det veldig få som i realiteten vert melde, seier Sletner.

Men dette er berre eit estimat, og det er aldri gjort noko omfangsundersøking. Difor veit ein heller ikkje kor store mørketala er og med det kva ein arbeider opp imot.

Gløymde tiltak?

NOU 2008:4: «Fra ord til handling»

I «Fra ord til handling» lanserte utvalet ei rad konkrete tiltak. Det viktigaste av desse var å oppretta ei sentral, landsdekkjande spesialeining for politiet, SEPOL, på line med Økokrim.

Denne eininga skulle vera operativ 24 timar i døgeret og skulle mellom anna gje politi over heile landet hjelp slik at eit valdtektsoffer vert møtt på same profesjonelle måten over heile landet og at ein får rettleiing frå spesialtrente etterforskarar.

Dette er møtt med fire stillingar som eit miljø i KRIPOS. Det er ikkje Sletner nøgd med. Ho meiner at om ein skal kunna møta desse sakene på ein mykje meir profesjonell og spesialisert måte, så må dette skiljast ut som eit eige fagområde.

Oppfordringa frå Sletner til regjeringa er klar:

Dei må oppretta ei spesialeining, dei må få på plass gratis behandling for offre og dei må få på plass ei omfangsundersøking, slik at me veit kva tal me arbeider mot.

Avviser kritikken

Statssekretær i justisdepartementet, Astri Aas-Hansen avviser kritikken frå Sletner.

- Alt som kan gjerast raskt har me innført raskt. Som rett til bistandsadvokat, me har fått på plass familievaldskoordinatorar, seksuelle overgrepsteam over heile landet. Og så er det noko som tek lengre tid å få fylgt opp. Der har me òg valt å gjera det som går raskast - nemleg å styrkja Kripos, for å få ei enno betre etterforsking av valdtektssakene.

Astri Aas-Hansen (Ap), statssekretær i justisdepartementet (Foto: Ragnhild Bjørge/NRK)

Aas-Hansen understrekar at dette var eitt av to framlegg som Valdtektsutvalet kom med. Anten å oppretta SEPOL eller å styrkja Kripos. Det ville teke mange år å få ei eiga spesialeining på beina, seier Aas-Hansen og seier at det er aktuelt å byggja ut miljøet i Kripos.

Siste innenriks

Siste utenriks







NRK Butikken
Banner valgresultat 2011 174x220