Hopp til innhold

Homo-debatten gjer kyrkja taus

Samfunnet vrimlar av eksempel på at kristen tenking om kjærleik og sex er truga. Men kyrkja er taus. Fordi homo-debatten står i vegen, trur konservativ debattant.

Espen Ottosen

Espen Ottosen i Norsk Luthersk Misjonssamband fryktar at homo-debatten set kyrkjas bodskap i skuggen.

Foto: NRK

- Folk får inntrykk av at kristne meiner homofili er det einaste som er i strid med kristen etikk, seier Espen Ottosen, informasjonsleiar i Norsk Luthersk Misjonssamband.

Han er sjølv ein ivrig debattant på konservativ side som ved fleire høve har argumentert mot ekteskap for homofile.

No undrar han på om homo-fokuset har skapt eit problem for det kyrkja vil formidle om forpliktande kjærleik.

- Det er iallfall eit veldig relevant spørsmål. seier han til NRK.

Paradise Hotel

- Vi har vore for lite bevisste til å seie at kampen for ekteskapet handlar om å vere tydelege på alt som bryt ned ekteskapet. Det handlar om mykje meir enn homofilt samliv. Det handlar ikkje minst om at sex er lausrive frå kjærleik.

Ottosen er opprørt over reality-konseptet Paradise Hotel på TV3, som gjer uforpliktande sex til ein premiss i konkurransen. Der er intim-barbering og sex på TV heilt naturleg. Men protestar frå kristeleg hald er det få av.

- Her treng vi ein debatt, og eg er skuffa over at den ikkje foregår, seier Ottosen.

- Meir seksualitet og samliv

Helga Haugland Byfuglien

Helga Haugland Byfuglien.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Ottosen får støtte frå biskop Helga Haugland Byfuglien i Borg. Ho er tidlegare samlivs-spaltist og har stått på motsatt side av Ottosen i den kyrkjelege homofili-debatten.

- Kanskje har det vore enklare for oss å snakke om homofil seksualitet fordi det gjeld langt færre.

- Kyrkja har jo ikkje hatt eit aktivt forhold til samtalen om samliv og seksualitet på veldig mange år. Det er det på høg tid at vi får, seier Byfuglien.

AKTUELT NÅ