11.02.2012

Storberget sjukmeld i to veker til

Justisminister Knut Storberget (NRK)

Justisminister Knut Storberget er sjukmeld i to veker til.

NRK

Justisminister Knut Storberget (Ap) si sjukmelding er utvida i to veker til 27. mars.

Den første sjukmeldinga går ut ved midnatt, men TV 2 melder i ettermiddag at sjukmeldinga er utvida i to veker til 27. mars.

Kultur- og kyrkjeminister Trond Giske held fram som vikar for Storberget også i dei to neste vekene.

Knut Storberget vart sjukmeld for to veker sidan, etter å ha vore gjennom ein tøff periode med mykje politisk uro.

Han gjekk først ut og sa at regjeringa hadde godteke at hijab i politiet, men etter sterkt press både internt i regjeringa og frå opposisjonen, gjekk han tilbake på dette.

Siste innenriks

Siste utenriks







NRK Butikken
Banner valgresultat 2011 174x220