21.11.2009

Får støtte av Haakon

Kronprinsesse Mette-Marit (Foto: Lise Åserud /Scanpix)

Kronprins Haakon er full av lovord om arbeidet Mette-Marit gjer i styret i Kirkens Bymisjon.

- Det er flott at kronprinsessa har eit engasjement i Kirkens Bymisjon, og eg tykkjer jobben ho gjer der er veldig viktig, seier Haakon.

Sterk kritikk

Kronprinsessa har fått sterk kritikk etter at det vart kjent at ho som styremedlem i Kirkens Bymisjon, var med på å handsama styrevedtaket som skal gi helsehjelp til 1800 ulovlege innvandrarar her i landet.

LES: Hjelper utviste innvandrere

- Er det problematisk at Mette-Marit sit i styret?

- Slik me vurderar det no, er det rett at ho sit i styret. Når det gjeld den konkrete saka, så har eg ikkje detaljkunnskap om den. Men ut ifrå ei heilskapsvurdering tykkjer eg at det er fantastisk flott at ho gjer dette, seier kronprins Haakon.

VIDEO: Mette-Marit får støtte frå Haakon

- Blir feil

Ein av dei som meiner Mette-Marit bør trekkja seg frå Kirkens Bymisjon, er redaktøren i Vårt Land, Helge Simonnes.

- Då det vart kjent at Mette-Marit skulle gå inn i styret i Kirkens Bymisjon tillet eg meg å meina at det er feil at ein kongeleg skal gå inn i ein slik organisasjon. No har me fått ei stadfesting i ei konkret sak at dette ikkje var rett.

- Når du sit i eit slikt styre vil du før eller seinare få eit kontroversielt spørsmål på bordet, og eg meiner det blir feil at ein kongeleg skal ta stilling til saker som det kan gå politikk i, seier Simonnes.

- Bør ikkje trekka seg

Bjørg Tørresdal, stortingsrepresentant frå Krf, er ikkje samd i at kronprinsessa bør trekkja seg frå styret i Kirkens Bymisjon.

- Nei, eg tykkjer absolutt ikkje at ho skal trekkja seg. Det skal mot til å gå inn i dei viktige debattane me har i dag, og det er fantastisk at me har ein kongefamilie og ei kronprinsesse som tek del i menneskerettsspørsmål.

- Det er umogeleg å jobba med menneskerettsspørsmål utan at det er eit snev av politikk i det, seier Tørresdal.


VIDEO: Reaksjonar på Mette-Marits styreverv

Siste innenriks

Siste utenriks

Ansvarlig redaktør Hans-Tore Bjerkaas - Opphavsrett NRK © 2009 - Kontakt NRK