Hopp til innhold

Ikkje norsk nok for kalenderen

Det mest brukte gutenamnet i Oslo kjem ikkje med i den nye namnedagskalenderen. – Heilt utruleg, seier sosiolog Sharam Alghasi.

Moa under treningskampen mellom Ukraina og Norge

Mohammed Abdellaoue spelar med det norske flagget på brystet, men namnet er ikkje norsk nok for alle.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Neste år kjem den nye namnedagskalenderen i ny drakt. Men vanlege muslimske namn som Muhammad og Yasmeen får ikkje plass i oversikten til Almanakkforlaget.

Dette trass i at Muhammad toppar lista over dei mest brukte namna i hovudstaden.

Les: Mohammad på topp i Oslo

- Dette er heilt utruleg og speglar den gamle debatten om aksept. Vi har framleis eit bein i fortida i dette landet og skjønar ikkje heilt kor grensene skal gå, seier sosiolog Sharam Alghasi.

Han kom til Norge som flyktning frå Iran for 20 år sidan og har blant anna forska på mediebruk blant innnvandrarar.

Avviser kritikken

Dagleg leiar i Almanakkforlaget, Hans Olav Hoff, avviser kritikken. Han seier det er i tråd med praksisen til våre naboland når muslimske namn ikkje blir med i den nye kalenderen, som ikkje har vore revidert sidan 1988.

- Korkje Sverige eller Finland har muslimske namn i sine kalendrar. Vi følgjer berre statistikken til Statistisk Sentralbyrå over dei mest brukte namna når vi skal oppdatere lista. Så enkel er forklaringa. Det ligg ikkje noko meir bak dette.

- Men Muhammad er jo det mest brukte namnet i Oslo?

- Jo, men som sagt: Dette er i tråd med praksisen i andre land også.

- Tynn grunngjeving

Generalsekretær i Islamsk råd Norge, Shoaib Sultan, set spørjeteikn ved denne grunngjevinga.

- Det er merkeleg at Muhammad ikkje blir teke med når kriteriet er kor ofte namnet blir brukt. Grunngjevinga er rett og slett tynn.

Han legg likevel til at namnedagsfeiring ikkje er nokon vanleg tradisjon blant muslimar. Derfor stiller han ingen krav til at Almanakkforlaget endrar praksis.

- Men vi kjem til å undersøke om dette er noko muslimar ønskjer. Det handlar jo til slutt om integrering, seier Sultan.

Kan kome med i 2011

Men sjølv om muslimske namn ikkje blir å finne i den nye 2010-kalenderen, kan det skje forandringar.

- Vi vil vurdere dette allereie neste år. Det betyr at eg trur dei muslimske namna kjem med i 2011-kalenderen, seier Hans Olav Hoff i Almanakkforlaget.

AKTUELT NÅ