Hopp til innhold

Pinserørsla tek avstand frå pinsepastor

Leiarrådet i Pinserørsla tek avstand frå ytringane til pastor Jan Aage Torp i pinsekyrkjelyden Oslokirken.

Barn som blir slått
Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox

- Det er ingenting i Bibelen som legitimerer det å slå barn, melder Leiarrådet i Pinserørsla til NRK Nettnyheter.

Sei di meining nedst i artikkelen.

Etter at regjeringa kom med framlegg om å endre lovverket for å gjere all klapsing av barn forbode, har debatten om fysisk straff av barn blussa opp.

Førre veke sa tidlegare leiar for Somalisk Ungdom i Lillehammer, Mohammed Osman Yusuf, at det av og til kan vere rett å rise barn , og i helga fekk han støtte frå pastor Jan Aage Torp i pinsekyrkjelyden Oslokirken.

Torp uttalte at straff høyrer med i barneoppsedinga .

- Eg trur det kan vere høve der det kan vere naudsynt, og det byggjer eg ikkje minst på Bibelen. I Hebrearane, kapittel 10, fortel forfattaren veldig klart at ein far som elskar barna sine, vil gje dei tukt. Forfattaren skildrar det i ganske sterke ord, så ein forstår at det ikkje berre er å setje positive grenser, men også å kunne gje ei fysisk grense som kan opplevast smerteleg, understreka pinsepastoren.

Dette er ytringar Leiarrådet i Pinserørsla tek sterk avstand frå.

- Torp uttaler seg på ingen måte på vegne av Pinserørsla. Dette er ytringar på vegne av han sjølv, seier Andreas Hegertun, som er pastor i Filadelfia i Oslo.

- Samde med barneombodet

I ei melding til NRK Nettnyheter skriv Leiarrådet i Pinserørsla at dei er samde med barneombod Reidar Hjermann om at det ikkje finst noko i Bibelen som legitimerer det å slå barn.

Les: Hjermann slår tilbake mot pastor

- Kyrkja skal formidle Guds vilkårslause kjærleik overfor barna, og vi finn absolutt ingen teologisk grunngjeving for å bruke fysisk vald som straff når barn gjer noko gale. Tvert imot. I ei tid der det var vanleg å setje barn til side, tok Jesus dei på fanget, seier nestleiar Sigmund Kristoffersen i Leiarrådet.

Vil gjere klapsing forbode

- Torp meiner Hebrearbrevet legitimerer det å tukte barn. Tek han feil?

- Vi tolkar det annleis. Det er ein framand tanke i kristen tru å øve vald mot barn. Bibelen fortel om å irettesetje barn. Det kan ein gjere med ord, seier Andreas Hegertun.

Han det også heilt klart at Pinserørsla støttar regjeringa sitt framlegg om å gjere all klapsing av born forbode gjennom lov.

AKTUELT NÅ