Hopp til innhold

- Forskingsinnsatsen må ned

Alle snakkar om at løyvingane til forsking bør opp. Leiaren for SVs rådgjevarkorps meiner vi brukar meir enn nok.

Forskning
Foto: Terje Christiansen/NRK

Thor Egil Braadland er sekretariatsleiar for stortingsgruppa til SV.

Thor Egil Braadland, sekretariatsleder, SV

Thor Egil Braadland, sekretariatsleder i SV.

Foto: SV

I ein kronikk på SVs idéforum Verden til venstre, skriv han at forskingsinnsatsen bør ned.

Det er særleg subsidieringa av forsking i næringslivet han vil til livs.

- Det har blitt for kostbart, og vi har sett at det ikkje fungerer. Vi har brukt veldig mykje pengar, og berre ein tredel av løyvingane kjem ut i andre enden som god forsking, forklarer Braadland til NRK.

LES OGSÅ: - Mer til forskning vises ikke

"One size fits all"

Regjeringa sitt mål er at tre prosent av BNP skal gå til forsking. Braadland meiner målet totalt sett kan senkast.

- Nokre bransjar treng mykje forsking, for eksempel telesektoren. Men vi har eitt mål som skal passe alle, "one size fits all". Det blir feil, for ulike næringar har ulike behov.

Slik det er i dag kan ein bedrift som vil forske på Barbie-dokker, få støtte til det. Vi må fokusere innsatsen på viktigare innsatsområde.

Tåkeheimen

Tora Aasland

Tora Aasland

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Nyleg har også forskingsminister Tora Aasland (SV) opna for å diskutere om vi skal ha andre mål enn treprosentmålet. Det meiner Braadland er fornuftig av partifellen.

- Målet er i tåkeheimen, seier Braadland.

- Vi må ha realistiske mål, og det er naturleg at vi har ein debatt om dette. Det betyr ikkje at SV har gått bort frå ambisjonane.

- Lang retrett

Odd Einar Dørum

Odd Einar Dørum

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Odd Einar Dørum (V) meiner SV er på tilbaketog i forskings-politikken:

- Eg stiller meg spørsmålet om dei er på veg inn i det eg vil kalle den lange retretten. Dei tek ned ambisjonane. Det verkar som dei har lyst til å avlive delar av det dei har gått til val på.

LES OGSÅ: Verden til venstre

AKTUELT NÅ