Hopp til innhold

Akuttplassering i barnevernet aukar

Tal på akuttplasseringar i barnevernet har auka kraftig. Dei fire fyrste månadane i år har talet auka med 20 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Barnevern
Foto: Scanpix / SCANPIX

- Det uroar oss. Me må heilt klart gå igjennom årsakene til at dei har auka, seier Barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt (AP)

Tidlegare inn med tiltak

Alle kommunane i landet har motteke brev frå barne- og likestillingsdepartementet, som uttrykkjer uro over auken i talet på akuttplasseringar i barnevernet.

- Eg trur at ein av hovudutfordringane er at me må koma tidlegare inn med tiltak. Det kan førebyggja veldig mange konfliktar, seier Huitfeldt.

Akuttplasseringar skal berre skje på grunn av kriser og er gjerne knytt til vald og rusmisbruk. Men departementet trur ikkje auken i akuttplasseringar nødvendigvis kjem på grunn av fleire slike situasjonar.

- Kommuniserar ikkje godt nok

Departementet trur det er fleire årsaker til auken, og håpar kommunane kan hjelpe dei med å få oversikt.

Men medlem av familie- og kulturkomiteen på Stortinget, Olemic Thommesen frå Høgre, meiner årsaka er klar:

- Dette handlar om at det statlege barnevernet og det kommunale barnevernet ikkje kommuniserar godt nok. Me har sett ei oppsegling i ei krise i barnevernet som handlar om at staten ikkje klarar å bidra med dei plassane som skal til.

Statsråd Anniken Huitfeldt avviser argumentasjonen.

- Dersom det hadde vore slik at det var ungdomar som venta på plassering i ein fosterheim eller ein institusjon, som no vart plassert akutt, så hadde dei hatt rett, seier ho og legg til:

- Men det er ikkje tilfelle, det er berre i eit mindretal av sakene.

AKTUELT NÅ