Hopp til innhold

- Noreg kan setje EØS-avtalen i fare

- Dersom Noreg ikkje godtar EU sitt tenestedirektiv, kan heile grunnlaget for EØS-avtalen vera truga!

Percy Westerlund er EU-ambassadør
Foto: Berg-Rusten, Ole / SCANPIX

Det meiner EU-kommisjonen sin ambassadør til Noreg, Percy Westerlund. Han seier det er lite truleg at Noreg sier nei, nettopp fordi følgjene blir så alvorlege.

Same reglar for alle

-Då slår ein hol på sjølve grunnlaget for den indre markanden i EU, nemleg homogeniteten. Det er veldig viktig at same reglar gjeld for alle i den indre marknaden, seier Westerlund

- Så kan ein spørja seg om kva som hender om ein seier nei til direktivet, det som gjeld det eine av dei fire fridomane, nemleg fri flyt av tenester som gjeld 70 prosent av økonomien.

Opptatt av sosial dumping

Tenestedirektivet siktar mot å gjera handel med tenester enklare. Motstandarar i Nei til EU og skeptikarar i fagrørsla er opptekne mellom anna av fare for sosial dumping.

EU-kommisjonens ambassadør i Oslo, Percy Westerlund, meiner på si side at siktemålet med motstanden mot direktivet, i alle fall i Nei til EU, er å undergrave heile EØS-avtala.

Argument om at eit norsk veto kan styrke tilliten til norsk styringspåverknad innafor EØS avviser han blankt. Han kjem derimot med eit indirekte, om enn hypotetisk, trugsmål om at EØS-avtalen står i fare dersom Norge ikkje godtar tenestedirektivet.

-Eg trur det blir ein ganske alvorleg diskusjon om dette då, seier Westerlund.

AKTUELT NÅ