Hopp til innhold

- Speleautomatar er som nettbank

- Å vere mot speleautomatane er som å vere mot nettbank, seier kulturminister Trond Giske i ein brosjyre. Foreininga Pårørende til spillavhengige reagerer kraftig på utspelet.

Trond Giske

Kulturminister Trond Giske får kritikk for å ha samanlikna dei nye speleautomatane med nettbank.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

De nye spilleautomatene vil se slik ut.

Slik ser dei nye speleautomatane ut.

Foto: Norsk Tipping

No i haust er dei første av dei nye spilleautomatane på veg ut til pubar, resturantar og kioskar. Dei såkalla snille automatane skal vere langt mindre aggressive enn dei gamle, som førte til speleavhengigheit i stor skala.

Likevel er det mange som protesterer mot at speleautomtane igjen dukkar opp etter at dei gamle blei fjerna.

Skrytebrosjyre

I ein skrytebrosjyre på heimesida til Norsk Tipping prøver kulturministeren å roe ned dei skeptiske.

"Spillterminalene kan altså sammenliknes med en nettbank eller andre elektroniske tjenester. Så å være motstander av spillterminaler, fortoner seg for meg som å være mot nettbank eller andre automatiske tjenester", seier Giske i brosjyren.

- Hån

- Eg synes dette er ein hån, og eg føler at han direkte spyttar på oss som pårørande, seier Lill-Tove Bergmo i foreininga Pårørende til spillavhengige.

- Når han kan dra opp ein slik parallell med nettbanken synes eg det seier veldig mykje om det svært låge kunnskapsnivået hans i forhold til kva speleavhengigheit gjer med det enkelte mennesket og familien rundt, seier Bergmo.

Del av spillautomat
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

4 milliardar årleg

Dei nye automatane skal omsetje for 4 milliardar kroneg årleg, og sørgje for eit overskot til Norsk Tipping på 400 millonar kroner.

Så nokon nettbank er dette ikkje, meiner Lill Tove Bergmo.

- Han burde ikkje på nokon måte ha samanlikna med nettbanken. Han får oss til å kjenne oss små og lite verdfulle, seier ho.

Også i Kommune-Noreg har motstanden mot dei nye automatane vore massiv.

Høgre-ordfører i Sandefjord, Bjørn Ole Gleditsch, er ein av mange ordførarar som har markert seg. Samanlikninga med nettbank er respektlaus, meiner han.

- Eg synes statsråd Giske der har manglande respekt for alle dei som lir av spelegalskap, seier Gleditsch.

NORSK TIPPING: Her er de nye spillterminalene

AKTUELT NÅ