Fleire utan relevant utdanning

Stadig fleire lærarar underviser i fag og på nivå dei ikkje har godkjenning for.
Publisert 28.08.2008 07:09.
- Skriv ut
Mange skular slit no med å skaffa nok lærarar. Løysinga blir i staden å tilsetja assistentar som manglar utdanning.
Store hol i lærarstaben
Skuleåret 2005-2006 var det 1.170 årsverk i grunnskulen der undervisningspersonalet underviste på trinn dei ikkje hadde
godkjenning for.
To år seinare hadde talet stige til 1.506, i følgje tal frå grunnskulen sitt informasjonssystem, skriv Vårt Land. Det er ein auke på nesten 30 prosent.
Tala for 2008 blir fyrst klare i oktober, men alt tyder på at trenden held fram. Utdanningsforbundet melder om store hol i lærarstaben allereie ved skulestart.
Urovekkande meldingar
I Rogaland har berre 5 av 26 kommunar fått kvalifiserte lærar til stillingane sine. Til saman er 80-90 lærarar erstatta med assistentar. Og urovekkande meldingar kjem inn frå fleire stadar i landet.
I Akershus manglar dei nærmare 100 årsverk med kvalifiserte lærarar. Ullensaker, Skedsmo og Lørenskog hadde rett før skulestart 20 ledige stillingar.
Solund kommune i Sogn og Fjordane har under 15 lærarårsverk. Av desse er 2,5 ukvalifiserte og 2,5 ledige.
Betre løn
Leiar i Utdanningsforbundet, Helga Hjetland, ber politikarane løyva nok pengar for å sikra at det er nok lærarar i skulen.
- Dette er ein situasjon som ikkje kan halda fram dersom me vil sikra kvaliteten i skulen. All forsking viser at kvalitet handlar om gode lærarar, seier ho.
Hjetland meiner høgre lønn er det viktigaste verkemiddelet for å få fleire til å bli lærarar, og for å løfta statusen til læraryrket.
- Eg trur at læraravhopparane kan koma tilbake dersom arbeidstilhøva blir betre og løna høgre, seier ho.
(NTB, Vårt Land)
Stoltenberg– Alvorlig krafttilstand
Volden blusser opp i Sudan
