- UDI overkøyrer kommunane

Underskriftkampanje mot asylmotak i Olden.
Foto: Arne Stubhaug/NRKMotstanden mot asylmottak handlar ikkje framandfrykt, men om håplause framgangsmetodar i UDI, meiner Nina Gran i KS.
Publisert 24.08.2008 16:12.
- Skriv ut
UDI gjev ikkje kommunane høve til å førebu seg på dei ekstraoppgåvene eit mottak fører med seg, meiner ho.
Ikkje førebudde
- Mange kommunar føler seg fullstendig overkøyrde fordi dei ikkje får informasjon før det er bestemt at mottaka skal etablerast. Då må kommunane stille med helsetenester, skuletilbod, eventuelt barnevern og tolkeoppgåver, og det er det ikkje alle kommunane som er førebudde på, seier Gran.
Ho trur at motstanden mot mottaka kan vere ein protest mot UDI og framgangsmåten deira, og ikkje mot det å ha eit asylmottak i kommunen.
- Slik er det nok mange stader, meiner Gran.
Lokalsamfunna protesterer
I fylgje VG har Noreg på kort tid mista 1.200 mottaksplassar, samtidig er det akutt behov for nærare 5000 nye plassar.
I mange kommunar står nedlagte folkehøgskular og andre bygningar ubrukte, men kommunane vil ikkje gjere dei om til mottak.
LES: - 70 er for mange
LES: Vil ikke ha asylsøkere hit
- Vi har erfart at det har vorte litt vanskelegare å få realisert alle dei prosjekta vi skulle, seier Ida Børresen i UDI.
Den siste tida har det vore protestaksjonar mot asylmottak i mange lokalsamfunn. Fleire kommunar har gått aktivt inn og stoppa forsøk på å etablere mottak.
Framleis optimist
- Eg trur det er veldig mange forskjellige årsaker til at kommunane ikkje vil ha mottak. Det kan ha samanheng med at kommunane har behov for lokala sjølve, men det kan også vere reell motstand mot å få asylmottak i bygda si, seier Børresen.
Sjølv om 1.200 nye mottaksplassar er forsvunne i løpet av kort tid, er UDI-direktøren likevel optimistisk.
- Vi har ikkje lagt skjul på at vi har ei stor utfordring med å få nok plassar fort nok, men vi arbeider med det kvar dag, og reknar med at det skal gå bra, seier ho.
(NRK)Uro i UDI
- UDI kutter 100 stillinger
- Asylsakene hoper seg opp hos UDI
- Vil ha flere asylmottak
- - Som en inkvisisjon
- - Umenneskelige krav fra Erna
- Kurdere til sak mot staten
- Færre asylsøkere i september
- Endrer asylpraksisen for irakere
- Mangler 1500 mottaksplasser
- Mangler hjelpeverger i asylsaker
- - UDI overkøyrer kommunane

Stabilt for elever etter bilulykke
- Vi vil aldri anerkjenne Israel
