Hopp til innhold

Med rett til sex!

Menneske med lærevanskar og psykisk utviklingshemming vil også ha sex! Det er bodskapen i ein ny britisk kampanje. Men dårleg seksualundervisning, fordommar og redsel for overgrep er hinder - også her i Norge.

Ritchie poserer for FPA

I Storbritannia vil dei få slutt på tabuet, og har lagd ein kampanje der seks par med ulik grad av utviklingshemming er kledd nakne, fotografert og hengt opp som prov på at også dei treng kjærleik og sex. Eit bra initiativ, seier Bjørg Neset, som jobbar i Landsdekkende nettverk; funksjonshemmede, seksualitet og samliv (NFSS).

- Eg trur det passar bra i England fordi dei brukar å spisse ting litt meir enn vi gjer i Norge, men eg ser heller ikkje vekk i fra at personar med utviklingshemming her kunne hatt lyst til å gjort noko liknande.

- Ein menneskerett

Utviklingshemma får sjeldan den hjelpa dei treng, og heller ikkje nok opplæring til å ha eit eige seksualliv. I verste tilfelle blir dei nekta retten til å ha eit kjærleiksforhold. Det tykkjer Neset er drygt.

- Anten ein bur på institusjon, sjukeheim eller har lengre sjukehusopphald har ein rett på å få leve sitt eige seksualliv. Då må helsepersonell leggje til rette for det, og ikkje stå i vegen, seier ho.

Neset nemner dating som eit eksempel på at vi ikkje har kome særleg langt i Noreg.

- Dating skjer i kontrollerte former. Dei går på dans som startar klokka sju, lyset er på under heile seansen, og når klokka er ni blir dei splitta fordi personalet skal ta kveld og gå heim.

Slik blir det ikkje kjærleik av.

(artikkelen held fram under biletet)

Raymond og Lolita poserer for FPA
Foto: Marcus Lyon for the Family Planning Association

Godord om britisk kampanje

Organisasjonen FPA, the Family Planning Association, som starta plakatkampanjen i Storbritannia, seier til NRK at dei berre har fått positive erfaringar.

- Både profesjonelt helsepersonell og folk på gata har gitt positive tilbakemeldingar, fortel pressetalsmann Adam Stevens.

Organisasjonen har årleg ei sexual health-veke, denne gongen med fokus på kjærleik hos menneske med ulik grad av utviklingshemming. Stevens seier både media og enkeltpersonar har late seg engasjere av kampanjen "It's my right".

- Over 1500 personar kjøpte kampanjepakka vår, og fleire tok initiativ til å starte sin eigen kampanje under sexual health-veka, forklarer han.

- Ikkje rett for Norge

Trass i dei gode tilbakemeldingane i Storbritannia, trur ikkje Helene Holand i Norsk forbund for utviklingshemmede at ein slik kampanje passer for Norge.

- Slik eg opplever Norge, trur eg ikkje det er det rette i dag.

Ho meiner det å få lov til å ha kjæraste, å gifte seg og ha eit seksualliv, ikkje er så revolusjonerande i Norge lenger.

- Vi får sjeldan beskjed om at folk blir nekta å overnattingsbesøk av kjærasten. Slike saker var det mykje av tidlegare, men ikkje no lenger.

Likevel er ho særs positiv til at Storbritannia tek opp tematikken.

- Det er bra. Alt som set fokus på at menneske med utviklingshemming er likeverdige, og har dei same rettane og moglegheitene er bra.

Nytt med så stor openheit i Norge

Norge har aldri kjørt ein så offentleg retta kampanje, men Bjørg Neset i NFSS, trur ikkje det er fordi det er eit tabu. Ho trur temaet berre har hamna i ein vond sirkel.

- Vi veit at det er vanskeleg for helsepersonell å snakke om seksualitet med brukaren, og då blir de også vanskeleg for den funksjonshemma å ta opp temaet.

Både NFSS og NFU har seksualopplæring med funksjonshemma, men Neset er usikker på om det er nok:

- Vi jobbar, vi tenkjer og vi vil ha meir konkret opplæring. Det manglar vi enno. Utviklingshemma skal få samme moglegheita som andre unge til å kjenne og lære om sin eigen seksualitet og kropp.

AKTUELT NÅ